Max Gluckman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Gluckman
Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 26. januar 1911
Johannesburg
Død

13. april 1975 (64 år)
Jerusalem

Yrke antropolog, universitetslærar, sosialantropolog, politisk aktivist
Språk engelsk
Medlem av British Academy, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Mary Gluckman

Max Gluckman (26. januar 191113. april 1975) var ein britisk sosialantropolog, fødd i Johannesburg i Sør-Afrika av russisk-jødiske foreldre. Han er særleg kjend for arbeida sine om konfliktteori, og fyrst og fremst hovudverket Customs and Conflict in Africa (1956).

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gluckman voks opp i Sør-Afrika og arbeidde i yngre år for det britiske kolonistyret i Nord-Rhodesia (dagens Zambia). Han fekk eit undervisningsstipend og studerte ved Exeter College i Oxford i England. Etter å ha arbeidd ved ein forskingsinstitusjon i Lusaka i seks år (1941–47), vart han i 1949 den fyrste professoren i sosialantropologi ved universitetet i Manchester i Storbritannia. Der vart han grunnleggaren av det som vert kalla Manchesterskulen.

Manchesterskulen sankar informasjon gjennom punktstudiar (case studies), der forskaren observerer dei sosiale handlingane til individa. Handlingane vert nøyaktig skildra, for slik å kunne trekke slutningar om kva normer og forventingar som gjeld i det bestemte samfunnet. Gluckman og mange av elevane hans studerte gjerne konfliktar i samfunn der det tilsynelatande herska orden, men som stendig var truga av individs manglande vilje til å akseptere kompromiss. Kompromiss som ikkje oppfylte deira grunnleggande ynskje eller behov. For Max Gluckman var samfunn moralske system, og berre i liten grad fellesskap av kalkulerande og stridande individ.

Gluckman var politisk aktiv; ein openlys og stridsglad antikolonialist. Han engasjerte seg direkte i sosiale konfliktar og kring kulturelle mistilhøve skapt av kolonialismen. Også rasisme, urbanisering og arbeidsvandring interesserte han mykje. Gluckman kombinerte i strukturfunksjonalismen med marxismens auge for det urettferdige i arbeida sine, og kunne gjennom dette kritisere kolonialismen frå strukturalismens ståstad. Ut av forskinga hans på Zululand i Sør-Afrika, hevdar han at dei afrikanske og dei europeiske fellesskapa dannar eitt enkelt sosialt system, eit system der skismaet i to rasegrupper dannar basisen for den strukturelle einskapen i systemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]