Max Tau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Tau

Max Tau, litografi av Emil Stumpp, 1929
Fødd19. januar 1897
Bytom
Død13. mars 1976
Oslo
NasjonalitetTyskland, Noreg
Yrkeforleggjar, forlagsredaktør, skribent, lyrikar, filosof
InstitusjonarAschehoug
Alma materChristian-Albrechts-Universität zu Kiel
EktefelleTove Tau
MedlemDeutsche Akademie für Sprache und Dichtung

Max Tau (19. januar 189713. mars 1976) var ein tysk-norsk humanist, filosof og diktar av jødisk avstamming.

Tau var fødd i Beuthen i Schlesien i Tyskland, no Bytom i Polen. Han tok doktorgraden i filosofi i 1927, og flytta deretter til Berlin. Her var han forlagsredaktør i Bruno Cassirer-forlaget. Han oppdaga og fremja forfattarar som Walter Bauer, Marie-Luise Kaschnitz, Wolfgang Koeppen, Horst Lange og August Scholtis. Han introduserte også Karel Čapek til eit tysk publikum.

Som jøde hadde Max Tau ei særskild vanskeleg stilling i Nazi-Tyskland, og han emigrerte til Noreg i 1938. Han måtte flykta vidare til Sverige i 1942, og fekk norsk statsborgarskap av den norske ambassaden. Han flytta tilbake til Noreg i 1945.

I Noreg var Tau verksam som litteraturkritikar og forfattar. Fram til han døydde verka han som forlagsredaktør i Tanum og Aschehoug.

Mange av bøkene har sterke sjølvbiografiske drag. Bøkene gjev levande bilete frå ei skiftande livssoge og talande uttrykk for Tau sitt humanistiske livssyn.

Max Tau (til venstre) ved overrekkinga av «Dei tyske bokhandlarane sin fredspris» til den sveitsiske økumenikaren broder Roger (Roger Schutz, i kvit kutte) i Pauluskyrkja i Frankfurt i 1974. Ved sidan av Max Tau sit den vesttyske presidenten Walter Scheel.
Foto: Deutsche Bundearchiv

På 1950-talet grunnla han Norsk-tysk selskap (Deutsch-Norwegische Gesellschaft).

Tau gjorde ein stor innsats for å gjera nyare norsk litteratur kjend i Tyskland. Tau hadde ei viktig rolle i utgjevinga av norsk litteratur på tysk, mellom anna verk av Olav Duun, Johan Falkberget, Sigrid Undset, Tarjei Vesaas og Herman Wildenvey.

Tau var den første mottakaren av dei tyske bokhandlarane sin fredspris i 1950. Han vart utnemnd til riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden i 1972, og den tyske skulen i Oslo heiter frå 1998 Deutsche Schule Oslo – Max Tau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]