Max Tundra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Tundra

Max Tundra i 2007
Fødd20. hundreåret (0 år)
FødenamnBen Jacobs
OpphavStorbritannia
SjangerIDM, techno
Instrumentsynthesizer, datamaskin, piano
PlateselskapDomino Records

Max Tundra er artistnamnet til den engelske elektroniske musikaren, songaren og musikkprodusenten Ben Jacobs.

Som ung lærte han å spele piano. Han fatta interesse for elektronisk musikk da han kjøpte seg ein Amiga 500 med eit musikkprogram. Jacobs sende etter kvart ut ein demo til 50 plateselskap. Dei einaste interesserte var Warp Records, som gav ut maxi-singelen Children At Play i 1998.

Max Tundra har så langt gitt ut to album: Some Best Friend You Turned Out To Be frå 2000 og Mastered By Guy At The Exchange frå 2002. Begge desse fekk god omtale av Pitchfork Media[1][2]. Det sistnemnde albumet var den første Max Tundra-utgivinga der nesten alle spora innehelde vokal, av Jacobs sjølv og systera hans Becky[3]. Hans tredje album er planlagde utgitt i oktober 2008.

Max Tundra var ein av dei siste artistane som spelte inn ein «Peel session» for John Peels radioprogram før Peels død i 2004. Max Tundra er sjølv programleiar for eit ukentlig radioprogram på den ikkje-kommersielle radiokanalen Resonance FM, kalla «Max Tundra's Rotogravure».

Albumliste[endre | endre wikiteksten]

  • 2000 Some Best Friend You Turned Out To Be
  • 2002 Mastered By Guy At The Exchange

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Max Tundra - Some Best Friend You Turned Out To Be, arkivert frå originalen 11. juli 2007, henta 11. juli 2007 
  2. Max Tundra - Mastered By Guy At The Exchange, arkivert frå originalen 31. mai 2007, henta 31. mai 2007 
  3. Dominop Records - Max Tundra