Max Weinreich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Max Weinreich (fødd 22. april 1894 i Kuldiga, død 29. januar 1969 i New York) var ein latvisk lingvist og jiddischkjennar.

I 1925 grunnla han instituttet YIVO (yidisher visnshaftlekher institut) i Vilnius. Dette instituttet flytta han til New York i 1940.

Max Weinreich er mest kjend som opphavsmannen til det kjende sitatet om kva som er skilnaden mellom eit språk og ein dialekt:

«Eit språk er ein dialekt med ein arme og ein marine» («אַ שפראַך איז אַ דיאַלעקט מיט אַן אַרמײ און פֿלאָט», «A shprakh iz a dialekt mit an armey un a flot»). Dette sitatet stod i ein artikkel som han skreiv i bladet yivo bleter, januar-juli 1945, S. 13. Der skreiv han at ein av studentane hans hadde sagt det.

Språkvitaren Uriel Weinreich er son hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]