Maximilian Henrik av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maximilian Heinrich av Bayern

Maximilian Henrik av Bayern (fødd 8. desember 1621 i München, død 5. juni 1688 i Bonn) var frå 1650 til han døydde i 1688 erkebiskop av Köln. Han var òg biskop av Hildesheim, Lüttich og Münster.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Maximilian Heinrich var fjerde born av hertug Albrecht VI av Bayern-Leuchtenberg og Mechtildis av Leuchtenberg.

Han kom som koadjutor til Köln for å støtte onkelen sin Ferdinand av Bayern. Etter onkelen døydde vart han erkebiskop av Köln og biskop av Hildesheim og Lüttich.

Maximilian Heinrich var menneskesky og trekte seg 1673 tilbake til klostret St. Pantaleon i Köln. 1683 vart han valt til biskop av Münster, men vart ikkje stadfesta i stillinga av paven.

Han døydde 5. juni 1688 i Bonn og vart bisett i Trekongarkapellet i Kölnerdomen.

Føregjengar:
Ferdinand av Bayern
Erkebiskop av Köln Etterfylgjar:
Joseph Clemens av Bayern
Biskop av Lüttich Etterfylgjar:
Johann Ludwig von Elderen
Biskop av Hildesheim Etterfylgjar:
Jobst Edmund von Brabeck
Føregjengar:
Ferdinand II. von Fürstenberg
Biskop av Münster Etterfylgjar:
Friedrich Christian von Plettenberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]