Maximilian III Josef av Bayern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maximilian III Josef av Bayern

Kurfyrste av Bayern
Regjeringstid1745-1777
Fødd28. mars 1727
FødestadMünchen
Død30. desember 1777
DødsstadMünchen
GravstadTheatinerkirche
FøregangarKarl Albert
EtterfølgjarKarl Theodor
Gift medMaria Anna av Polen og Sachsen
DynastiHuset Wittelsbach
FarKarl VII av Det tysk-romerske riket
MorMaria Amalia av Østerrike

Maximilian III Josef (28. mars 172730. desember 1777) var kurfyrste og hertug av Bayern frå 1745 til 1777.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ha var fødd i München og var den eldste sonen til keisar Karl VII og kona hans Marie Amilie av Austerrike. Besteforeldra på morssida var keisar Josef I og Wilhelmina Amalia av Brunswick-Lüneburg.

Maximilian Josef som kurfyrste

Då faren døydde i 1745 arva han eit land som var i ferd med å verte invadert av Austerrike under den austerrikske arvefølgjekrigen og måtte gje opp kravet på keisartrona og gjere fred med Maria Teresia av Austerrike med Füssen-traktaten, der han avtalte å støtte ektemannen hennar, storhertug Frans Stefan av Toscana i det komande keisarvalet.

Maximilian Josef var ein progressiv og opplyst herskar som gjorde mykje for å utvikle landet sitt. I 1747 vart porselensfabrikken i Nymphenburg grunnlagd. Den første akademiske institusjonen i München, Det bayerske vitskapsakademiet, vart grunnlagd i 1759 av Maximillian III. Under den alvorlege dyrtida i 1770 selde Maximilian kronjuvelane for å betale korn. Dette året gav han òg ut ediktet mot den ekstravagante pompøsiteten som kyrkja synte, og dette endra den bayerske rokokko-perioden. Han forbaud òg pasjonsspela i Oberammergau .

Desember 1777 døydde Maximilian Josef av koppar utan arving. Som den siste av den yngre greina av huset Wittelsbach, som kom frå Ludvig IV av Det tysk-romerske riket, og som hadde styrt Bayern sidan tidleg på 1300-talet, førte dødsfallet hans til den korte bayerske arvefølgjekrigen. Gemalinna til Maximilian, Maria Anna Sofia av Sachsen, forhandla med Preussen for å sikre Bayern sjølvstende mot Austerrike. Til slutt vart Maximilian etterfølgd av ein fjern slektning, kurfyrste Karl IV frå den eldre greina av dynastiet.

Maximilian III Josef er gravlagd i krypta i Theatinerkirche i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]