Maximilian Ulysses Browne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maximilian Ulysses Browne

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 23. oktober 1705
Basel
Død

26. juni 1757 (51 år)
Praha

Yrke militær, militær befalingshavende
Språk tysk
Far Ulysses Browne
Mor Annabella Fitzgerald
Ektefelle Maia Philippine von Martinitz
Maximilian Ulysses Browne på Commons

Maximilian Ulysses, Reichsgraf von Browne, Baron de Camus og Mountany (23. oktober 170526. juni 1757) var ein austerriksk militærleiar på midten av 1700-talet og ein ætling av dei irske «villgjæsene».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Basel og var son av grev Ulysses von Browne (fødd i Limerick på Irland 1659, død i Frankfurt am Main 1731) og Annabella Fitzgerald, ei dotter frå Huset Desmond. Begge familiane hadde reist i eksil frå Irland etter den irske niårskrigen.

Både faren og onkelen George vart gjort grevar av Det tysk-romerske riket (Reichsgraf) av keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket i 1716. Dette hjelpte karrieren til Browne tidleg i gang og alt 29 år gammal hadde han vorte oberst over eit infanteriregiment. Sjølv om han var ung viste han likevel dugleik på slagmarka og under det italienske felttoget i 1734 utmerkte han seg. Under kampane i Tyrol i 1735 og under den tyrkiske krigen utmerkte han seg vidare som offiser.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han vart feltmarskalkløytnant og kommanderte schlesiske garnisonar i 1740 då Fredrik II og den prøyssiske armeen køyrde over provinsen. Han klarte å utnytte dei ressursane han hadde og hindre prøyssarane lenge nok til at dei ikkje klarte å erobre området før Austerrike hadde samla ein arme (sjå den austerrikske arvefølgjekrigen). Han var tilstades ved Mollwitz, der han vart alvorleg skadd. Han var kraftig imot at noko vart halvhjarta og dette førte han ofte i konflikt med sine overordna, men medverka på denne måten til den uvanlege energien som dei austerrikske armeane synte i 1742 og 1743.

I dei neste felttoga synte von Browne den same gode feltherretalentet og den same tolmodige kontrollen. I 1745 tente han under grev Traun, og vart forfremma til graden Feldzeugmeister. I 1746 deltok han i det italienske felttoget og i slaga ved Piacenza og Rottofreddo. Von Browne sjølv med fortroppen rykte fram gjennom Appenninane og gjekk inn i Genova. Han fekk så kommandoen over ein arme som var planlagt å invadere Frankrike, og tidleg i 1747 over alle keisaren sine styrkar i Italia i staden for Antoniotto Botta Adorno. Mot slutten av krigen vart von Browne delaktig i forhandlingane om tilbaketrekking av troppar frå Italia, som førte til konvensjonen i Nice (21. januar 1749). Han vart øvstkommanderande i Böhmen i 1751, og feltmarskal (Generalfeldmarschall) to år seinare.

Han var framleis i Böhmen i sjuårskrigen opna med invasjonen til Fredrik i Sachsen (1756). Armeen til Von Browne rykte fram for å hjelpe Pirna, møtte Fredrik til kamp, og vart slått av konge ved Lobositz, men trekte seg tilbake på ein glimrande måte. Like etter gjorde han eit nytt forsøk på å nå Pirna med ein utvald styrke via gøymde fjellstiar. Feltmarskalken sparte aldri seg sjølv og bivuakkerte i snøen saman med mennene sine.

Han nådde Elbe ved Schandau, men då saksarane ikkje klarte å bryte ut, trekte von Browne seg tilbake. Han hadde derimot klart å forseinke Fredrik. I felttoget i 1757 tente von Browne frivillig under fyrst Karl Aleksander av Lorraine, som var øvstkommanderande, og 6. mai dette året vart von Brown og Schwerin dødeleg skadd medan han leia eit bajonettåtak i slaget ved Praha. Browne vart ført dødeleg skadd inn i Praha og døydde den 26. juni, etter at han hadde fått vite at han fekk skulda for nederlaget i slaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]