Maxwell’s Silver Hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maxwell's Silver Hammer
Song av The Beatles
frå albumet Abbey Road
Utgjeve 26. september 1969
Innspelt 9–11. juli, 6. august 1969
Sjanger
Lengd 3:27
Selskap Apple Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Maxwell's Silver Hammer» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969.

«Maxwell's Silver Hammer» er skriven av Paul McCartney, men er på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Bandmedlem George Harrison skildra i 1969 songen som «ein av dei umiddelbart nynnbare songane som nokre hatar og andre verkeleg likar. Det er ein morosam song, skjønt han er eigentleg ganske sjuk sidan Maxwell held på å drepe folk...»

Stilen er «vaudevilsk», det vil sei ei form for amerikansk-engelsk folkeleg revysong som var populær i tida 1880-1920 og teksten handlar om medisinstudenten Maxwell Edison som ved hjelp av hammaren sin i sølv drep veninna si, læraren sin og til slutt ein dommar. I følgje McCartney symboliserer songen nedturane i livet. Han sa i 1994:

«Maxwell's Silver Hammer» er min analogi for når noko brått går gale, som det så ofte gjer, slik som eg sjølv starta å finne ut av på denne tida i livet mitt. Eg ønskte noko symbolsk for dette, slik at for meg var dette den oppdikta figuren Maxwell med ein sølvhammar. Eg veit ikkje kvifor hammaren måtte vere av sølv, men det høyrdest betre ut enn berre 'Maxwell's hammer'. Vi nyttar framleis det uttrykket når noko uventa skjer...

Det tok tre dagar å legge lyd på lyd (overdubbing) fordi McCartney såg for seg at han kunne verte ein framtidig singel. John Lennon fortalte seinare at McCartney «gjorde alt for å gjere han om til ein singel, men men det var han aldri og ville aldri kunne verte det heller». I følgje Lennon brukte The Beatles meir pengar på denne eine songen enn på nokre andre på Abbey Road.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell i følgje Ian MacDonald,[4] Andy Babiuk[5] og Mark Lewisohn[6]

I studioversjonen av songen var det Starr som slo på ambolten;[6] medan i Beatles-filmen Let It Be, kan ein sjå Mal Evans slå på ambolten medan The Beatles øver på songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mulligan 2010, s. 127.
  2. https://www.allmusic.com/song/maxwells-silver-hammer-mt0010100293
  3. Gould, Jonathan (2008). Can't Buy Me Love: The Beatles, Britain, and America. Random House. s. 578. ISBN 0-307-35338-9. «... the song is a preternaturally catchy music-hall number ...» 
  4. MacDonald 2005, s. 357.
  5. Babiuk 2002, s. 256.
  6. 6,0 6,1 Lewisohn 1988, s. 179.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]