Mazara del Vallo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mazara del Vallo
Piazza della Repubblica i Mazara del Vallo
Piazza della Repubblica i Mazara del Vallo
Plassering
Mazara del Vallo is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Trapani
Grunnlagd 800-talet fvt.
Borgarmeister Giorgio Macaddino
Geografi
Flatevidd
 - By

275 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2001)
   - folketettleik

50 377
  175/km²
Koordinatar 37°39′″N 12°35′″EKoordinatar: 37°39′″N 12°35′″E
Høgd over havet 8 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 91026
Telefon-retningsnummer 0923
Nettstad: www.comune.mazara-del-vallo.tp.it

Mazara del Vallo er ein by i provinsen Trapani sørvest på Sicilia i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre sida av munningen til elva Mazaro.

Byen er eit jordbruks- og fiskesenter med ei hamn som gjev ly til ein av dei største fiskeflåtane i Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mazara vart grunnlagd av fønikarar800-talet fvt. med namnet Mazar. Han kom i tur og orden inn under grekarane, kartagarane, romarane, vandalane, austgotarane, austromarane, før han vart erobra av arabarar i 827. Under den arabiske perioden vart Sicilia delt inn i tre administrative regionar, Val di Noto, Val Demone og Val di Mazara, og byen vart eit viktig senter for handel og utdanning. Sentrum av byen, kalla Kasbah, har framleis mykje av særpreget sitt frå denne perioden.

I 1072 vart Mazara erobra av normannarane leia av Roger I.

Etter at keisar Fredrik II gjekk Sicilia til Angevin, etterfølgd av spanske Aragon. Aragonperioden (1282-1409) var ei nedgangstid for Mazara, både politisk, økonomisk og folketalsmessig. Byen kom inn under Savoie i 1713, men regjeringstida deira varte berre fem år før austerrikarane overtok (i 16 år) og til slutt overtok Bourbon. I 1860 vart byen erobra av Giuseppe Garibaldi og Mille og kom så inn under Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mazara del Vallo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]