McDonald’s

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
McDonald's resturant på Tiller i Trondheim.
Døme på måltid ein kan kjøpe på McDonald's.

McDonald's Corporation er ei amerikansk restaurantkjede som sel hamburgerar og annan raskmat. Kjeda er den største på området i verda og omfattar over 31 000 restaurantar i om lag 120 land, dei fleste baserte på franchising. McDonald's er fleire stader i verda blitt eit symbol for aukande globalisering og eksport av amerikansk kultur og næringsliv og utsett for protestdemonstrasjonar. Kjeda blir også kritisert for å servere usunn mat som bidrar til overvekt, særleg hos ungdom. Omsetjing var i 2004 på om lag 19 milliardar amerikanske dollar og selskapet hadde då kring 440 000 tilsette.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Brørne Maurice (Mac) og Richard (Dick) McDonald opna i 1948 ein drive-in restaurant i San Bernardino, California, som serverte hamburgerar, pommes frites og milkshake. Brørne hadde frå 1940 drive ein liknande grillrestaurant same stad. I 1953 utvida dei drifta til fleire restaurantar via franchising, og i 1954 gjorde dei Raymond Albert Kroc (1902–84), ein seljar av milkshake-maskiner, til franchise-agent. Han opna i 1955 sjølv ein restaurant i Des Plaines, Illinois, som kjeda no refererer til som sin første og starten på selskapet. I 1960 omfatta kjeda (no McDonald's Corporation) over 200 restaurantar i USA, og året etter kjøpte Kroc ut brørne og lanserte logoen med ein M forma som to gyldne boger (Golden Arches). Logoforma var tidlegare brukt som byggedesign i dei førte restaurantane til brørne McDonalds. Reklamefiguren og klovnen Ronald McDonald kom på TV første gong i 1963, og McDonald's vart i 1965 eit børsnotert aksjeselskap. I 1968, same år som hamburgeren Big Mac vart lansert, opna McDonald's sin restaurant nummer tusen, og gjennom 1970-åra auka talet på restaurantar med om lag 500 per år. Den første restauranten utanfor USA vart opna i Canada i 1967, dei første i Europa i Tyskland og Nederland i 1971, den første i Norden i Sverige i 1973 (Stockholm), og i 1990 opna McDonald's ein restaurant i Moskva.

I Noreg vart den første McDonald's-restauranten opna i Oslo i 1983. McDonald's Norge AS er eigd med halvparten kvar av McDonald's Corporation og administrerande direktør Theo Holm og har ei omsetjing på over 1 milliard norske kroner. Per 2005 er det 67 norske restaurantar med om lag 2500 tilsette. I tilknytting til Rikshospitalet i Oslo har McDonald's gjennom stiftinga Ronald McDonald Barnefond fått løyve til å byggje eit pasienthotell, som skal stå ferdig i 2006 og vere eit bustadtilbod til familiar med barn innlagde ved sjukehuset. Liknande familiehus er sidan 1974 reist i mange land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: McDonald’s