McMurdoisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°0′S 166°30′E
McMurdoisen
isbrem
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 78°0′S 166°30′E
Administrert under Antarktistraktaten
McMurdoisen is located in Antarktis
McMurdoisen (Antarktis)

McMurdoisen er den delen av Rossisen som grensar til McMurdo Sound og Ross Island i nord og Minna Bluff i sør. Forsking har vist at denne isen skil seg mykje frå Rossisen og fekk derfor eit eige namn. A.J. Heine, som forska på isen i 1962-63 foreslo namnet på isen som grensa til Ross IslandBrown Peninsula, Black Island og White Island. Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) har utvida dette namnet til å gjelde heile isbremmen sørover til Minna Bluff.

I mars 2010 tok forskarar bilete av undersida av McMurdoisen og oppdagga ein levande amfipod der, 200 meter under overflata.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «McMurdo Ice Shelf» (innhald frå Geographic Names Information System).