Me and Bobby McGee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Me and Bobby McGee
Singel av Roger Miller
frå albumet Roger Miller 1970
Innspelt 16. mai 1969
Sjanger Country
Lengd 4:02
Selskap BNA 69035
Låtskrivar(ar) Kris Kristofferson
Fred Foster
Produsent Jerry Kennedy
Roger Miller-kronologi
«Vance»
(1969)
Me and Bobby McGee «Where Have All the Average People Gone»
(1969)

«Me and Bobby McGee» er ein song skriven av Kris Kristofferson og Fred Foster, opphavleg spelt inn av Roger Miller, og seinare av Kristofferson sjølv og Janis Joplin, som toppa den amerikanske singellista med songen i 1971.

Innspelingar og kjende framføringar[endre | endre wikiteksten]

Roger Miller var den første artisten som hadde ein hit med songen, og han nådde 12. plass på den amerikanske countrylista i 1969. Gordon Lightfoot si utgåve nådde 13. plass på poplista og 1. plass på countrylista i heimlandet Canada i 1970. Lightfoot song songen etter ein omfattande hyllest til Kris Kristofferson i ei CBC-sending frå Charlottetownfestivalen sommaren 1969. I introduksjonen refererte Lightfoot til Miller-utgåva og sa at han skulle spele inn songen sjølv «slik han var meint å gjerast». I ein sjølvbiografi frå 2008 sa Don Reid og Harold Reid frå Statler Brothers at Kristofferson lovde songen til dei, men då dei seinare spurte om å få spele han inn, så hadde Miller alt spelt inn songen. Reid-brørne sa dei ikkje var sinte og var glade for at Miller fekk suksess med songen. Songen vart seinare spelt inn for eit album av brørne, men ikkje gjeven ut på singel.

Janis Joplin spelte inn songen for albumet hennar Pearl, berre få dagar før ho døydde i oktober 1970. Kristofferson hadde sunge songen for Joplin og songaren Bob Neuwirth lærte songen bort til ho. Kristofferson visste ikkje at ho hadde spelt inn songen før etter ho var død.[1] Joplin si utgåve toppa listene og var den einaste førsteplassen ho fekk, og berre den andre singelen gjeven ut posthumt i rock & roll-historia som klarte dette. Den første var «(Sittin' on) the Dock of the Bay» av Otis Redding. I 2004 vart Janis Joplin si utgåve av songen rangert på 148. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Kristofferson framførte songen på Isle of Wight Festival 1970 og ein CD og DVD frå festivalen kom ut 30 år seinare som Message to Love: The Isle of Wight Festival 1970.

Janis Joplin-utgåva vart mykje nytta i epilogen til Rainer Werner Fassbinder-filmen Berlin Alexanderplatz.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den originale versjonen av songen er Bobby ei kvinne. Janis Joplin som var kjæraste med og ven av Kristofferson frå byrjinga av karrieren til ho døydde, endra kjønnet og teksten på omslaget. Kristofferson har sagt at han ikjke skreiv songen for ho, men at songen er knytt til ho. Særleg, skal han sagt, at linja «Somewhere near Salinas, Lord, I let her slip away.».

Linja om «Bobby and I Sang the Blues» vart nytta av Don McLean i songen «American Pie» der han møter ei jente som «sang the blues».

Linja «Freedom is just another word for nothing left to lose/ Nothing ain't worth nothing but it's free» er oppført i Bartlett's Familiar Quotations under Kris Kristofferson.

Utvalde versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hawke, Ethan (April 16, 2009). «The Last Outlaw Poet». Rolling Stone (1076): 57. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]