Mean Woman Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mean Woman Blues
singel av Elvis Presley
frå albumet Loving You
Utgjeve 1957
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:17
Låtskrivar(ar) Claude Demetrius
Elvis Presley-kronologi 
«(Let Me Be Your) Teddy Bear»
(1957)
Mean Woman Blues «Loving You» (1957)


Mean Woman Blues
Singel av Roy Orbison
B-side

«Blue Bayou»

Utgjeve 1963
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:26
Selskap Monument
Låtskrivar(ar) Claude Demetrius
Roy Orbison-kronologi 
«In Dreams»
(1963)
Mean Woman Blues «Pretty Paper»
(1963)


«Mean Woman Blues» er ein 12-taktsblues skriven av Claude Demetrius. Han vart spelt inn av Elvis Presley som ein del av filmmusikken til Loving You frå 1957. Presley gav òg ut songen på EPen Loving You. Versjonen hans nådde 11. plassen på R&B-lista i USA.[1]

I 1959 spelte Cliff Richard og The Shadows inn ein studioversjon av songen på albumet Cliff Sings.

Rockabilly-artisten Glen Glen frå Los Angeles spelte inn ein versjon av songen på albumet Everybody's Movin' Again.

I 1963 vart songen gjeven ut som B-sida til songen «Blue Bayou» av Roy Orbison. Denne versjonen nådde femteplassen på Billboard Hot 100-lista.

Jerry Lee Lewis spelte inn sin versjon av songen på konsertalbumet Live at the Star Club, Hamburg. Han spelte òg inn songen i 1957 og denne var B-sida til den britiske singelutgåva av «Great Balls of Fire.» Lewis sin versjon har ein ganske annleis tekst enn Claude de Metrius-versjonen.

Songen vart spelt inn av The Spencer Davis Group på albumet Autumn '66 med Stevie Winwood på solovokal.

Jay and the Americans gav ut sin versjon av songen i 1969 på albumet Sands of Time.

Sjølv om songen vart skriven i midten av 1950-åra vart det gjeve ut fleire songar med liknande titlar. Av desse finn ein «Jimmie's Mean Mama Blues,» ein song av Jimmie Rodgers som òg vart spelt av Bob Wills, Moon Mullican sin «Mean Mama Blues» og Ernest Tubb sin «Mean Mama Blues».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 467. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]