Mecklenburgische Seenplatte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mecklenburgische Seenplatte etter solnedgang frå ei høgd på om lag 8 km.

Mecklenburgische Seenplatte er det største samanhengande systemet av innsjøar og kanalar i Tyskland. Det ligg sør i Mecklenburg-Vorpommern, og vert stundom kalla «landet av tusen sjøar».

Seenplatte inkluderer Müritz nasjonalpark, som inneheld den største innsjøen i Tyskland, i tillegg til fuglereservata Feldberger Seenlandschaft, Mecklenburgische Schweiz og Nossentiner/Schwinzer Heide.[1]

Som med innsjøplatåa i Pommern og Masuria vart òg Mecklenburger Seenplatte danna under den siste istida. Dei mange innsjøane er restar etter isen som trekte seg tilbake for om lag 12 000 år sidan.

Området rundt Mecklenburgische Seenplatte er flatt, har lite innbyggjarar og er stort sett dekt av skogar, innsjøar og myrområde. Sjølve innsjøane er populære for båtturar og fiske. Dei er naturlege habitat for mange planter og dyr, inkludert utryddingstruga artar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tourismusverband »Mecklenburgische Seenplatte« e. V. Land av tusen innsjøar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]