Méd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Med)

Méd er landemerke som vert nytta til å kjenne att ein stad.

For å stadfeste eit punkt trengst det méd i to retningar, slik at det kan gjerast krysspeiling. Helst burde méda vere vinkelrett på kvarandre. Eit godt méd vert teke ved at to godt avgrensa naturformasjonar er å sjå i eit gitt forhold til kvarandre. Ofte ser ein det eine punktet over det andre. Méd har ofte vorte brukte på sjøen for å finne att fiskereiskap, finne att fiskeplassar, unngå farlege fall og skjer, og til å finne trygge inn- og utsiglingar. Var det trongt eller vanskeleg å take med, kunne ein sette opp eller måla seglmerke.

Ein båtførar måtte tidlegare kunne mange méd. Ofte var det kunnskap som gjekk i arv frå far til son. I bruken av méd krevdest det og stor lokal geografikunnskap. Bruken av méd er no langt mindre viktig enn tidlegare. Tekniske hjelpemiddel løyser oppgåvene Likevel finn ein enno fram til fiskeplassar ved hjelp av gamle méd.

Nedskrivne méd[endre | endre wikiteksten]

Ein del losar og fiskarar skreiv ned méd. Det vart skrive både fiskeplassar og fall. Slike handskrivne bøker har vorte kalla médbøker, fallbøker, leidabøker eller skallbøker. Det hende at fiskarar rodde omkring i fallgarden i roleg sommarver for å notere seg djupn og méd, så dei kunne det når det krevdest i hardvêr Ofte var slike bøker svært private, men nokre har vorte prenta. I 1959 utgav Sunnmøre fiskarlag Fallboka for Møre og Romsdal. I tillegg til 600 méd, er her og landtoningar; teikna fjellomriss med méda for dei viktigaste farleiene.

Døme på bruk av med[endre | endre wikiteksten]

  • Fiskegrunner fann ein ofte etter to greie, avgrensa med, som dette frå Smøla:

Nåva: «Stensøyneshaugen på litle Ballskjegga og Oddebelgen i Kråhaugen»[1]

  • Landemerka kunne og vere vanskelegare å beskrive, slik som i dette dømet frå Smøla:

Brattegga: «Rossvollhaugen inn til nordre kanten av Hallarhammaren på Hallarøya og Gjeslingen varde på søre høgste kanten av Austre Gåsskjeret».[1]

«1)Vartals-Eggen over høieste Godø og 2) Trold-tinderne i Romsdalen over Hildre-Hesten og Harhamsø[2]

Trolltindane vert då nære 150 km. vekk

  • Stundom får fiskegrunna eller fallet namn etter ei av terrengformene som gir médet:

Klovegrunnen: «Masdalsklova til Kvitneset og Kalen (Nystølhornet) ut til Skorpa».[1]

Anna navigasjon[endre | endre wikiteksten]

Når méd ikkje kunne sjåast, som i skodde, nedbør eller mørke, kunne nokre båtførarar høyre korleis sjøen braut på ulike fall, og på den måten kjenne dei.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fall boka for Møre og Romsdal, henta 14. oktober 2021 
  2. Harham, Et eksempel fra fiskeridistrikterne
  3. Vår gamle kystkultur på Møre
  • Uksnøy, Knut: Fallboka for Møre og Romsdal. Sunnmøre fiskarlag; 1959
  • Sundt, Eilert: Harham. Et eksempel fra fiskeridistrikterne. Universitetsforlaget; 1971
  • Grøvik, Ivar: Vartdalssoga, band 2; 1982
  • Opstad, Kristian: Vår gamle kystkultur på Møre, band 2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Norvald Kjerstad: Fiskeplassar. Illustrert skildring av gamle méd utanfor Giske og Nordøyane.Kjerby AS 2018. ISBN 978-82-998466-4-6