Medaljen for borgardåd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Medaljen for borgerdåd er den nest høgaste medaljen i Noreg etter Krigskorset. Han vart innstifta ved kongeleg resolusjon 10. april 1819 av Kong Karl III Johan og endra og utvida ved kongeleg resolusjon 13. april 1844.

Medaljen vert delt ut av Kongen i statsråd, etter innstilling frå Justisdepartementet. Dette heidersmerket var opphavleg tenkt berre brukt for utmerkt flid og dugleik ved forliksvesenet og andre liknande ombod, og for borgarleg forteneste av riket, men vart i 1844 utvida til óg å gjelde for nidkjær embetsførsle anna fortenestefull verksemd av kva som helst sort som vert funnen å egne seg til offentleg anerkjennelse, og for enkelt utmerkt dåd. Det har seinare vorte merka at medaljen helst skal vere for fortenesteleg verksemd i ikkje løna verv og anna veldedeg verksemd.

Medaljen er delt inn i to klassar. 1. klasse er i gull og 2. klasse er i sølv. Begge klassane er med krone. På aversen av medaljen er sidan 11. februar 1907 Kong Haakon VII sitt brystbilete. På reversen er det ein eikekrans kring orda «For borgerdåd». Medaljen vert mottakaren sin eigedom og skal berast på venstre side av brystet i eit høgraudt, vatra band som i midten har ei mørkeblå stripe med kvite kantar. Medaljen har ikkje vore utdelt til utlendingar sidan 1885.

Regjeringa vedtok i 2004 at Medaljen for borgerdåd ikkje lenger skal delast ut. I dag er St. Olavs Orden den høgste utmerkinga ein nordmann kan motta for sivile utmerkingar. Krigskrossen har høgare rang, men vert berre utdelt for krigsinnsats.