Medardus og Gilardus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medardus og Gilardus er ein minnedag feira 8. juni til minne om to franske biskopar:
- Medardus som var biskop i Noyon nordaust for Paris, og som døydde i 561. Han vart vernehelgen for vinmarkene og ølbryggjarane.
- Gilardus som var biskop i Rouen og døydde på 500-talet. Etter gamal folketru vart desse to fødde same dag, vigsla same dag og dei døydde same dag.
På primstaven er merket ofte ein fiskekrok.
Vêret denne dagen har vore tolka som merket for vêret framover - nokre stader slik at vêret denne dagen var merke for vêret fire veker framover, andre stader slik at vêret denne dagen var merke for vêret i slåttonna.
Kjelder [endre]
- Randi Ekrem (1992): Primstaven : Tradisjonar og merkedagar ISBN 82-992691-0-5