Meddle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meddle
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 30. oktober 1971
Innspelt Januar-august 1971
Sjanger Progressiv rock
Lengd 46:46
Selskap Harvest, EMI (Storbritannia)
Harvest/Capitol Capitol (USA)
Produsent Pink Floyd
Kritikk
Pink Floyd-kronologi
Relics
(1971)
Meddle Obscured by Clouds
(1972)

Meddle er eit progressivt album av det britiske bandet Pink Floyd. Det vart spelt inn i forskjellige studio mellom konsertar frå januar til august 1971. Albumet vart gjeve ut på nytt med betre lyd på vinyl og kassett i 1984, og på Ultradisc i 1989. Seinare kom plata på CD i 1992 (boksen Shine On) og i 1994 med betre digital lyd.

Sjølv om stemninga på dei forskjellige songane varierer ein del, vert Meddle stort sett rekna som eit meir einskapleg album enn forgjengaren Atom Heart Mother, og blir av mange sett på som det første verkeleg store Pink Floyd-albumet utan Syd Barrett. Plata vart ganske populær i Storbritannia og nådde 3. plass på den britiske albumlista, men dårleg publisitet i USA førte til dårleg sal her og berre 70. plass. Salet tok seg derimot opp etter kvart då Pink Floyd vart meir populære.

Opningssporet «One of These Days» er stort sett ein instrumental song som opnar med ei repeterande basslinje spelt av to bassgitarar, før diverse perkusjonseffektar og røff bruk av steelgitar set inn. Den einaste tekstlinja i songen er når Nick Mason seier: «One of these days I’m going to cut you into little pieces!». Sporet avsluttar med ein vindeffekt som glir over i neste spor, «A Pillow of Winds». Dette er ein av dei få rolege kjærleiksvisene til Pink Floyd. Songen er prega av mange gitarspor oppå kvarandre i tillegg til ein bandlaus bass. Det neste sporet er countryrock-songen «Fearless», som er første gong Roger Waters tar opp temaet galskap. I motsetnad til mange av dei seinare songane rundt dette temaet, handla derimot ikkje songen om Syd Barrett, men har likevel ei viss tilknyting til den tidlegare frontfiguren. Måten gitaren er stemt på lærte nemleg Waters av Barrett. Songen vert avslutta med eit lydopptakk av Liverpool-supporterar som syng hymnen «You’ll Never Walk Alone».

Kontrasten er stor til neste spor, «San Tropez» som er ein jazzinspirert pop song i shuffletempo av Waters. «Seamus» er eit sjeldan glimt av humoren til Pink Floyd i form av ein blues-song der dei har fått hunden Seamus til å gjø i lag med musikken. Dette var den einaste songen i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii, som aldri blei spelt andre stader. I filmen heiter derimot songen «Mademoiselle Nobs», kalla opp etter hunden som medverka der.

Den siste songen på albumet, «Echoes», er det lengste sporet på albumet, og tar opp ei heil vinylside. Både lyrisk og musikalsk er songen kjend for å vere det mest fullendte sporet Pink Floyd hadde laga til då, og er framleis rekna for å vera ein av dei beste songane deira. Det er òg rykte om at Pink Floyd synkroniserte songen med avsluttinga av Stanley Kubrick sin film 2001: A Space Odyssey (kalla «Jupiter and Beyond the Infinite»). Årsaka til dette skal visstnok vere at dei angra på at dei ikkje lét Kubrick få bruke «Atom Heart Mother» i filmen hans A Clockwork Orange. «Echoes» ga òg namn til samlelalbumet Echoes: The Best of Pink Floyd, der ein kraftig forkorta versjon var med.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Vokal/stemme Lengd
1. «One of These Days»   Waters, Wright, Mason, Gilmour Instrumental/Mason 5:57
2. «A Pillow of Winds»   Waters, Gilmour Gilmour 5:10
3. «Fearless»   Waters, Gilmour Gilmour 6:08
4. «San Tropez»   Waters Waters 3:43
5. «Seamus»   Waters, Wright, Gilmour, Mason Gilmour 2:16
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Vokal Lengd
6. «Echoes»   Waters, Wright, Gilmour, Mason Gilmour, Wright 23:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Med:

  • Hunden Seamus (hunden til Steve Marriot) - Vokal på songen «Seamus»
  • The Kop (Supporterane til Liverpool) - Kampsang på «Fearless»
  • Rob Black - Lydteknikar
  • Peter Bown - Lydteknikar
  • John Leckie - Lydteknikar
  • Roger Quested - Lydteknikar
  • Hipgnosis - Albumdesign

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd byrja innspelinga av albumet i EMI sitt vidgjetne Abbey Road Studios, der dei fleste andre platene deira vart spelt inn og miksa. Bandet mangla eit sentralt musikalsk tema for prosjektet, og valde å arbeide individuelt utan å høyre på kva dei andre medlemmene kom opp med. Dei hadde alt prøvd ein liknande metode på Ummagumma, utan særleg suksess, men denne gongen valde dei å arbeide på eitt musikalsk stykke og ikkje forskjellige solostykke. Resultatet av desse eksperimenta vart opninga på «Echoes», der Wright spela same note om att og om att på pianoet gjennom ein Leslieforsterkar.

Abbey Road hadde derimot framleis opptaksutstyr med berre 8 spor, og dette var for lite for ynskja til Pink Floyd, som dermed måtte flytte til eit mindre studio (AIR og Morgan) i London som hadde 16-sporsutstyr. Bandet laga òg ein kvadrofonisk miks av albumet i september 1971 ved Command Studios. Denne miksen var derimot aldri gjeven ut.

Enkelte songar vart ikkje brukt på albumet, og songen kalla «The Violence Sequence» dukka opp att på The Dark Side of the Moon som «Brain Damage».

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Storm Thorgerson sin opphavlege ide for omslaget var eit nærbilete av anusen til ein bavian, men bandet ville heller ha eit nærbilete av eit øyre under vatn. Små krusingar på vassoverflata symboliserte lydbølgjer.

Songar[endre | endre wikiteksten]

One of These Days[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå One of These Days.

A Pillow of Winds[endre | endre wikiteksten]

Vinden frå slutten av «One of These Days» glir gradvis over i dette sporet, ei dempa og akustisk vise. Songen er forholdsvis utypisk for Pink Floyd og teksten omhandlar kjærleik. Gitarist David Gilmour skreiv musikken, medan Roger Waters skreiv teksten. Songen har ingen trommer, berre ein svak cymbal i andre halvdel av songen.

I følgje Nick Mason kjem tittelen av eit sett med mogelege kort ein kan ha på handa i spelet Mahjong, som bandet spelte då dei var på turné.

Fearless[endre | endre wikiteksten]

Songen har eit langsamt tempo og ein akustisk gitar gjev ein viss likskap til andre spor på albumet. Roger Waters laga det stigande riffet på gitaren sin med ei open G-stemming, som han lærte av Syd Barrett. Det virkar som om Barrett òg vert sunge om i teksten. Waters spelar både riffet og andre rytmegitardelar på denne songen, sjølv om han vanlegvis berre spelte bass.[2]

I slutten av songen kan ein høyre tilhengjarar av Liverpool, frå The Kop, som syng «You'll Never Walk Alone» oppå musikken av Pink Floyd. Denne songen av Rodgers og Hammerstein vart ein hymne for Liverpool etter at Gerry and the Pacemakers hadde hatt ein nummer ein-hit med deira innspeling. Tilhengjarane roper «Liverpool!» heilt på slutten av songen.

Tittelen på songen er eit engelsk slanguttrykk frå fotball som tyder «særs bra», og som vart ein klisje internt i bandet under turnéane.

San Tropez[endre | endre wikiteksten]

Songen har eit livleg jazzaktig tempo, og ei sydlandsk kjensle, inkludert ein kort slidegitarsolo av Gilmour og ein lengre pianosolo av Wright. I motsetnad til dei andre spora på Meddle vart songen skriven av Waters aleine og ikkje som eit samarbeid.[3]

Albumet er laust basert på livet til Pink Floyd på denne tida. Heile bandet reiste til San Tropez i lag med kjærastane sine på den tida og hadde ei fredeleg tid, som ein kjenner igjen både i stemninga i songen og tittelen.

Seamus[endre | endre wikiteksten]

Songen er skrive av heile bandet ein dag i 1971 då dei fann ut at hunden Seamus (som høyrde til Steve Marriott) kunne gjøy i harmoni med musikken. Dei spela raskt inn ein tolvtaktsblues, som hunden kunne «synge» til, og Gilmour la seinare på litt ekstra instrument og eit lite vers. Ein kan òg høyre litt tale spreidd rundt i songen. Om lag eit minutt ut i songen kan ein høyre nokon frå bandet som seier noko som liknar «it's better than last time» eller «very theatrical». I følgje The Pink Floyd Encyclopedia av Vernon Fitch er det «Here is the real dog», som vert sagt.

Nokre tilhengjarar av Pink Floyd og resten av Meddle mislikar «Seamus» og meiner det er eit sjeldant tilfelle av dårleg låtskriving. Dette var derimot ein del av humoren til bandet, og viser bluesrøtene deira, som sjeldan vart vist på offisielle innspelingar.

Pink Floyd spelte berre denne songen på konsert ein gong, og det var på Live at Pompeii under namnet «Mademoiselle Nobs». For å gjenskape songen spelte Gilmour munnspel, medan Waters spelte gitar. Bandet hadde lyst å ha med denne songen, og bad regissør Maben om å finne ein hund som kunne ta Seamus sin plass. Dei gjorde innspelinga i les Studios de Boulogne i Paris våren 1972. Ein afghansk mynde kalla Nobs, som høyrte til Madonna Bouglione (dottera til ein sirkusdirektør kalla Joseph Bouglione), vart henta til studio. Ein kan òg høyre ein bass på innspelinga, men denne vart truleg lagt på seinare.

Echoes[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Echoes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Q: 137, October 1995, «3 Stars - Good - "...The four were at their most collectively prolific at this time..."» 
  2. http://www.pink-floyd.org/artint/tap_song.htm
  3. http://www.pinkfloyd-co.com/disco/meddle/meddle_trivia.html
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey