Medellín

Koordinatar: 6°13′51″N 75°35′26″W / 6.23083°N 75.59056°W / 6.23083; -75.59056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medellín
Horisonten til Medellín
Horisonten til Medellín
Byvåpenet til Medellín
Styresmakter
Land Colombia
Grunnlagd 2. november 1616
Alcalde Daniel Quintero Calle 2020-2023
Geografi
Flatevidd 380,74 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

380,64 km²
1,152 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)

3 731 447
Koordinatar 6°13′51″N 75°35′26″W / 6.23083°N 75.59056°W / 6.23083; -75.59056
Høgd over havet 1495 m
Tidssone EST (UTC-5)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +57 4
Heimeside: http://www.medellin.gov.co
Nettstad: www.medellin.gov.co
Plassering
Plassering av Medellín
Plassering av Medellín

Medellín (meðeˈʝin) er den nest største byen i Colombia og hovudstaden i Antioquia-departementet. Han ligg i Aburrádalen, eit sentralt område av Andes i Sør-Amerika. Ifølgje det nasjonale statistikkbyrået, har byen ein estimert folkesetnad på 2,44 millionar per 2014.[1] Saman med byar i nærområdet, er storbyen Medellín nest største storbyområdet i Colombia rekna i folkesetnad og økonomi, med meir enn 3,5 millionar menneske.

Skipinga av ein første landsby innanfor dagens storbyområde Medellín skjedde i 1616 då landsbyen San Lorenzo dei Aburrá blei grunnlagt. I 1826 gav nasjonalkongressen i Gran Colombia byen status som hovudstaden i Antioquia-departementet. Medellín var eit dynamisk handelssentrum gjennom 1800-talet, først med gulleksport, deretter produksjon og eksport av kaffi.

Etter tusenårsskiftet har byen gjenvunne industriell dynamikk, med bygginga av bybanen, liberalisert utviklingspolitikk, betre tryggleik og betre utdanningstilbod. Byen er fremja internasjonalt som eit turistmål.

Frå San Javier (Comuna 13)
Foto: Sebastian Reategui

Storbyområdet Medellín produserer 67 % av BNP i Antioquia-departementet og 11 % av økonomien i Colombia. Medellín er viktig for regionen på grunn av universiteta, akademia, handel, industri, vitskap, helsetenester, blomedyrking, festivalar og uteliv. I 2013 valde den internasjonale ideelle forskings- og utdanningsorganisasjonen 'Urban Land Institute' Medellín som den mest innovative byen i verda på grunn av sine siste framsteg i politikk, utdanning og sosial utvikling.[2] I det same året, vart Medellín annonsert som den føretrekte forretningsdestinasjonen i Sør-Amerika.

Medellín har eit tropisk regnskogklima, om enn ein påviseleg kjølig versjon av dette klimaet. Fordi Medellín ligg på 1500 meter over havet, er klimaet ikkje så varmt som andre byar som ligg på same breiddegrad nær ekvator. På grunn av høgda over havet og gunstig plassering i Andes, er vêret i Medellín til tider meir karakteristisk for eit fuktig subtropisk klima enn for eit tropisk klima. Den årlege døgnmiddeltemperatur er 22 ° C, og på grunn av nærleiken til ekvator, er temperaturen konstant året rundt, med minimale temperaturvariasjonar. Temperaturane kan variere mellom 15 og 30 ° C. Byen ligg i ein dal med mange av distrikta i dalsidene, og temperaturen kan vere litt lågare på dei omkringliggande høgder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Medellín