Media Vest AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Media Vest AS gjev ut Nytt i Uka i Ålesund.[1] Dette er ei av dei aller eldste gratisavisene i Noreg. Ho vart starta allereie i 1985, etter at Sunnmøre Arbeideravis (SA) gjekk konkurs.[1] Verksemda står òg bak Nytt i Ukas forlag. Aksjemajoriteten i Media Vest AS ligg hos tre av dei tilsette, som per oktober 2010 åtte omkring 86 prosent av aksjane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om Nytt i Uka - NyttiUka», www.nyttiuka.no, arkivert frå originalen 9. september 2019, henta 11. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]