Mediafarm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Media Farm)
Mediafarm
Org.formAksjeselskap
Org.nr.976964403
Skipa22. november 1996
HovudkontorStavanger kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://www.mediafarm.no/

Mediafarm A/S er eit Stavanger-basert selskap som utviklar interaktive lærings- og museumsløysingar. Det har spesialisert seg på installasjonar innan besøks- og vitensenter. Konsepta bryt med tradisjonell utstillings- og museumstankegang. I installasjonane inngår gjerne interaktive rollespel der dei besøkjande går inn som ein aktiv deltakar i aktuelle tema.

Gjennom å skapa rom for oppleving og læring har selskapa tidlegare vunne store kontraktar som ”Minitinget” på Stortinget sitt besøks- og læringssenter, «Unionsoppløysninga» til Utanriksdepartementet si 100-årsmarkering og «Deadline» ved Stavanger Aftenblad sitt besøkssenter.

I 2011 leverte Media Farm eit rollespel til besøkssenteret i Europaparlamentet. Dette skulle vera for besøkjande frå alle EU-landa, og vart såleis laga på 23 språk. Besøkssenteret i Brussel er på heile 5000 kvadratmeter.

I samarbeid med Arkidea blei Mediafarm valt ut til å utvikla utstillinga til Nasjonalt GarborgsenterBryne. Til dette utvikla verksemda eit rollespel om ein framtidig konflikt mellom språka norsk og engelsk.

Dagleg leiar er Trond Ole Paulsen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]