Medina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Heilage stader
MekkaMedinaAl-Quds (Jerusalem)NajafKarbala
Sakralbygg
moskéminaretmihrabqiblaKaba

Medina (مدينه; tidlegare Yathrib) er ein by i Hejazregionen i Saudi-Arabia og den nest viktigaste pilegrimsstaden i islam, etter Mekka. Byen har eit innbyggjartal på 918 889 (2004) og er stort sett stengd for ikkje-muslimar.


Masjid al-Nabawi, Profetens moské, er den nest viktigaste heilagdomen i islam (etter Kaba). Her er Muhammed, dottera Fatimas og dei to første kalifane Abu Bakrs og Umar ibn al-Khattabs gravlagde. Ved sida av gravene deira står ein tom sarkofag i vente av at Jesus skal koma tilbake.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Medina tyder by, og er ei forkorting for Madīnat al-Nabī («byen åt profeten») eller Madīnat al-Munawwara («byen som stråler» eller «er blitt opplyst»). Før Muhammed var namnet Yathrib.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yathrib var ein viktig handelsby som husa heidenske og jødiske arabarar. Etter at Muhammed blei vist vekk frå Mekka i 622 kom han til Medina, der han bygde opp ei samling truande muslimar og ein umma. Då profeten døydde i 632 var det her han blei gravlagd. Frå Muhammed etablerte seg som herskar av Medina og fram til 658 var Medina hovudstaden i islam.

Den osmanske byen blei erobra i 1924 av Ibn Saud, grunnleggjaren av Saudi-Arabia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]