Medvezjiøyane

Koordinatar: 70°52′N 161°26′E / 70.867°N 161.433°E / 70.867; 161.433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Medvezjiøyane eller Bjørnøyane (russisk Медвежьи острова; Medvezji ostrova) er ei øygruppe i Aust-Sibir-havet i republikken Sakha i Russland. Dei er dekte av tundravegetsajon og er ikkje busett. Øyane ligg om lag 100 km nord for munningen av elva Kolymaelva. Kysten av Sibir ligg 35 km sørvest for den største øya, som er 15 km lang. Øyane ligg omkring 70° 51' N og 161° 32’ E.

Havet omkring Medvezjiøyane er isdekt om vinteren og klimaet er hardt. Sjølv om sommaren er det pakkis rundt øyane, og på denne tida vert det drive kommersielt fiske her.[1]

3. september 1878 noterte Adolf Erik Nordenskiöld at han segla nær Bjørnøyane med dampskipet «Vega». Dette var under den kjende ekspedisjonen då heile Nordaustpassasjen vart segla for første gong i historia.

Øyane må ikkje forvekslast med den norske Bjørnøya som ligg mellom Noreg og Svalbard. Det finst òg to andre mindre russiske øyar kalla Ostrova Medvezji i Karahavet utanfor Dikson og utanfor sørenden Novaja Zemlja. Bortsett frå desse er det fleire småøyar i Kvitsjøen, Austersjøen og i elvar og innsjøar forskjellige stader i Russland som heiter Ostrov Medvezji.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommersielt fiske, arkivert frå originalen 29. juni 2011, henta 4. august 2008 

70°52′N 161°26′E / 70.867°N 161.433°E / 70.867; 161.433