Medway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medway
elv
Medway ved Gun Wharf Chatham
Land  England
Grevskap East Sussex, Kent
Distrikt Mid Sussex, Sevenoaks, Tonbridge and Malling, Medway
Tilløp
 - venstre Eden
 - høgre Teise
Nedslagsfelt 2 409 km²
Lengd 113 km
Kjelde Turners Hill
 - høgd 149 moh.
 - koordinatar 51°06′25″N 0°5′37″W / 51.10694°N 0.09361°W / 51.10694; -0.09361
Munning Themsen-estauaret
 - stad Garrison Point i Sheerness
 - koordinatar 51°26′57″N 0°44′18″E / 51.44917°N 0.73833°E / 51.44917; 0.73833
Kart
Medway
51°26′57″N 0°44′18″E / 51.4492°N 0.738333°E / 51.4492; 0.738333
Elvar i Kent, syner Medway
Elvar i Kent, syner Medway
Elvar i Kent, syner Medway
Wikimedia Commons: River Medway

Medway er ei elv i Kent og West Sussex i England. Ho har utspringet sitt ved Turners Hill i West Sussex, og renn derfrå i ei hovudsakleg nordaustleg retning inn i Kent, der ho passerer gjennom byane Tonbridge, Maidstone og Medway. Elva munnar ut i Themsen-estuaret ved Sheerness. Elva er 113 kilometer lang, og har eit nedbørfelt på 2409 km². Dei største sideelvane er Eden, Shode, Teise, Beult, Loose og Len.

Både hovudelva og sideelvane renn i all hovudsak gjennom landlege område, der Tonbridge, Maidstone og Medway er unntaka. Sjølve Medway renn mot aust til ho når fram til sørsida av North Downs. Ved samløpet med sideelva Beult, snur ho derimot mot nord og bryt gjennom North Downs ved Medway Gap, ein bratt og trong dal nær Rochester, før ho vidar seg ut til eit breitt estuar, som ved Sheerness munnar ut i det langt større estuaret til Themsen.

Båttrafikk[endre | endre wikiteksten]

Båtar fortøydd ved Allington

Frå 1746 var det ikkje mogleg å segle lengjer oppover elva enn til Tonbridge, men i 1828 vart det mudra opp slik at ein kunne segle til Leigh. Med kano kan ein under gunstige tilhøve kome heilt fram til Penshurst. Langs Medway finst i alt åtte sluser. Den nedste vart opna i 1792, og ligg ved Allington, som er grensa for kor langt opp i elva tidvatnet er påviseleg. For å gjere sambandet mellom Medway og Themsen betre opna ein tidleg på 1800-talet Thames- og Medwaykanalen, som gjekk mellom Strood og Gravesend. Ho var ikkje spesielt lønsam, og innan 1850-åra hadde strekninga frå Strood til Higham vorte erstatta av jarnbane. Strekninga frå Higham til Gravesend var i bruk inntil 1934.

Bruer og tunnelar over Medway[endre | endre wikiteksten]

Inntil nyleg var det nedste sambandet over Medway ved Rochester, der det har vore ei bru heilt sidan romartida. Før 1963 var ho neste brua etter 1300-talsbrua vad Aylesford, 19 km lengre oppover elva. Sidan då har følgjande bruer og tunnelar kome til:

  • I 1963 vart ein viadukt bygd over elva sør for Rochester for den første seksjonen av motorvegen M2. I 2003 vart denne utvida til to separate bruer.
  • Mellom 1963 og 1996 vart motorvegen M20 bygd, og inkluderte ei bru over Medway sør for Aylesford.
  • I 1996 vart Medway Tunnel det nedste sambandet over elva, og knytte saman Gillingham og Strood.
  • I 2003 vart ei 1,3 kilometer lang jernbanebru med eit midtspenn på 152 meter bygd for jernbanelinja gjennom Kanaltunnelen. Jernbanebrua ligg parallelt med bruene på motorvegen M2.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Raidet på Medway i 1667, samtidig måleri av Pieter Cornelisz van Soest

Det er to militære slag som er kalla «slaget på/ved Medway». Det første slaget fann stad under den romerske invasjonen, og det andre under den andre engelske-nederlandske krigen.

Medway har historisk delt grevskapet Kent i to. Tradisjonelt har den vestlege delen vorte administrert frå Maidstone, og den austlege frå Canterbury. Administrasjonane vart samla i 1814.

I 1942 vart den første testen av eit undersjøisk oljerøyr gjort i elva. Dette skjedde i samband med førebuingane til Operasjon Pluto, ein plan for å pumpe drivstoff frå Storbritannia til Frankrike etter invasjonen i Normandie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]