Megascops
| Megascops | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Strigiformes | |
| Familie: | Strigidae | |
| Slekt: | Megascops | |
| Vitskapleg namn | ||
| Megascops | ||
Megascops er ei biologisk slekt av små ugler som samlar 21 nolevande kjente artar. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf.
Slekta har utbreiing avgrensa til Amerika og desse uglene er nærskylte Otus-uglene i «den gamle verda». Megascops blei skilt ut frå Otus siste gongen etter år 2000. Ulikskapen i lætet er ein påfallande skilnad mellom Megascops og Otus.
Nemninga på engelsk for Megascops-ugler er 'Screech owls'.
Innhaldsliste |
Skilding[endre]
Megascops-uglene er 16-25 centimeter i høgd, 45-61 cm i vengespenn og mange har godt synlege fjørtoppar som gjev øyrelignande utsjånad. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar, nokre gonger med ei lysare undersida og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf. Megascops-uglene jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre, der dei kan finne bytte som inkluderer insekt, reptil, små pattedyr som flaggermus og mus og andre småfuglar.
Megascops-uglene lever primært som einslege fuglar. Hannfuglen byggjer reiret i eit holrom, nokre gonger opphavleg laga av eit anna dyr. Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.[treng kjelde]
Dei normale territoriale ropa er ikkje er typiske uglelæte, men ei trille som består av meir enn 4 raske, individuelle tonar per sekund. I tillegg til dette har dei ein slags song som brukast under kurtise, og i duett mellom medlemmer av eit par.[treng kjelde]
Artslista[endre]
Megascops-ugler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Totemugle, Megascops kennicottii
- Lundugle, Megascops asio
- Balsasugle, Megascops seductus
- Krattugle, Megascops cooperi
- Morseugle, Megascops trichopsis
- Tropeugle, Megascops choliba
- Maranonugle, Megascops roboratus
- Quechuaugle, Megascops koepckeae
- Guatemalaugle, Megascops barbarus
- Colombiaugle, Megascops colombianus
- Tåkeugle, Megascops ingens
- Lojaugle, Megascops petersoni
- Inkaugle, Megascops marshalli
- Amazonugle, Megascops watsonii
- Indianarugle, Megascops atricapilla
- Saltaugle, Megascops hoyi
- Duskugle, Megascops sanctaecatarinae
- Mestisugle, Megascops guatemalae
- Panamaugle, Megascops clarkii
- Puertoricougle, Megascops nudipes
- Andesugle, Megascops albogularis
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Screech owl» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2013.
Referansar[endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)