Megawatt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Effekta til eit lyn kan vera på fleire MW. (Foto: Axel Rouvin)
Megawatt med symbol MW er ein SI-avleidd eining for effekt som svarar til ein million (106) watt. Ein MW tilsvarar 1360 hestekrefter. Effekta til dei elektriske generatorane til kraftverka vert ofte målt i MW.
Historie [endre]
I fylgje Oxford English Dictionary (OED), finst den fyrste skrivne tilvisinga til megawatt i Webster's International Dictionary of English Language frå 1900 . Vidare seier OED at megawatt vart nytta i ein artikkel i 28. november 1947-utgåva av Science.