Meißen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meissen
Albrechtsburg og domkyrkja
Albrechtsburg og domkyrkja
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Meißen
Meißen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Dresden
Meißen
Borgarmeister Olaf Raschke
Geografi
Flatevidd
 - By

30,90 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

27 856
  901/km²
Koordinatar 51°9′49″N 13°28′39″EKoordinatar: 51°9′49″N 13°28′39″E
Høgd over havet 106 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 01654–01662
Telefon-retningsnummer 03521
Bilnummer MEI
Heimeside: www.stadt-meissen.de

Meißen eller Meissen (sorbisk Mišno; latinsk Misena, Misnia, Misnensium) er ein by med om lag 30 000 innbyggjarar, 25 km nordvest for Dresden på begge sider av elva Elbe i Sachsen, aust i Tyskland. Meissen er heimstad for Meissenporselen, Albrechtsburg, den gotiske Meissen domkyrkje og Meissen Frauenkirche. Große Kreisstadt er hovudstad i Meißen landkreis.

Porselensbjellene i Frauenkirche

Historie[endre | endre wikiteksten]

Meissen vert stundom kalla «vogga til Sachsen». Byen voks opp frå den tidleg slavisk busetnaden Misni, og vart grunnlagd som ein tysk by av kong Henrik fuglefangar i 929. I 968 vart bispedømet Meissen grunnlagd, og Meissen vart eit bispesete for ein biskop. Det katolske bispedømet vart undertrykt i 1581 etter at bispedømet aksepterte protestantismen under reformasjonen (1559), men vart gjenopppretta i 1921 med sete først i Bautzen og i dag i Katholische Hofkirche i Dresden.

Markgrevskapet Meissen vart òg grunnlagd i 968 med byen som hovudstad for markgreven. Han vart ein kjøpstad i 1000 og vart ein del av kongedømet Polen i 1018 under Boleslaw I den modige. Alt i 1032 gjekk han tilbake til keisar Konrad II og i 1089 til Huset Wettin. Byen var i frontlinja for Ostsiedlung, den tyske koloniseringa av dei slaviske landområda aust for Elbe. I 1332 fekk han tyske byrettar.

Bygginga av domkyrkja i Meissen tok til i 1260 på same åsen som Albrechtsburg ligg. Plassmangel førte til at domkyrkja vart ei av dei minste i Europa. Kyrkja er i dag kjend som eit av dei beste døma på gotisk arkitektur.

Under den andre verdkrigen låg ei avdeling av Flossenbürg konsentrasjonsleir ved Meissen.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Meißen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine O'Keefe.Concentration Camps.www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html