Meindert Hobbema

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vassmylna, ca 1663-68
Alléen i Middelharnis, 1689

Meindert Lubbertszoon Hobbema (x. oktober 16387. desember 1709) var ein av dei to store landskapsmålarane i den såkalla gullalderen for nederlandsk målarkunst, Jacob van Ruisdael var den andre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hobbema var fødd i Amsterdam, der han vart døypt 31. oktober 1638. Dei tidlege verka hans er påverka av målarar som Cornelis Vroom og Anthonie van Borssom. Kring 1656 vart han undervist av Jacob van Ruisdael, som då var busett i Amsterdam. Hobbemas læretid hos Ruisdael synes ikkje å ha vart særleg lenge, då det fyrste signerte arbeidet hans, frå året 1657, syner at han allereie då var sjølvstendig i høve til læremeisteren. Hobbema og Ruisdael heldt fram å vere venner. Saman reiste dei gjennom den nederlandske provinsen til regionen Twente og over grensa til Bentheim i Tyskland.

Hobbema gifta seg 2. november 1668. Måling var mindre lønsamt for han, så han forsyrgde familien gjennom sitt arbeid som mål- og vektkontrollør for byen Amsterdam. Med den inntekta heldt han seg med bustad i eit lite velståande distrikt, der også Rembrandt enda sine dagar. Men talet på måleri er så høgt at han truleg også henta livsmidlar ut av målinga òg.

Dei beste av dei daterte bileta til Hobbema er frå perioden mellom 1663 og 1667. Men måleriet som vert rekna for å vere hovudverket hans, Alléen i Middelharnis, laga han fyrst i 1689.

I samtida vart han ikkje rekna for å vere ein særleg god målar. Fyrst ettertida har rangert han som ein av meistrane av si tid.

Hobbema døydde i 1709 og vart gravlagd på ein «fattigkyrkjegard» i Amsterdam.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Meindert Hobbema

Kjelder[endre | endre wikiteksten]