Meissnereffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figur av Meissnereffekten. Dei magnetiske feltlinjene, representert med piler, går utanom ein superleiar når han er under ein kritisk temperatur.

Meissnereffekt er eit fenomen der superleiarar viser seg ugjennomtrengelege for magnetiske feltlinjer. Effekten kan reknast som ei form for diamagnetisme, og blir forklart ved at det oppstår ei ordna elektronrørsle i overflata til leiaren, slik at magnetfeltet inne i leiaren blir oppheva. I nokre superleiarar (type I, t.d. tinn, kvikksølv) blir feltet oppheva fullt så lenge det er svakt. Men ved ein kritisk styrke, som regel omkring 0,1 tesla, trengjer det inn i leiaren, og samstundes opphøyrer denne å vere superleiande. Avkjølast eit slikt stoff i eit sterkt magnetfelt, blir det ikkje superleiande før magnetfeltet reduserast til under den kritiske styrken. Straks det blir superleiande, forsvinn magnetfeltet inne i leiaren.

I andre stoff (type II, t.d. vanadium, niob eller samansette material) trengjer magnetfeltet delvis inn òg når det er superleiande. Desse stoffa held superleingsevna si i forholdsvis sterke felt, og kan difor brukast til superleiande magnetar. Men òg for desse er det ein kritisk feltstyrke der superleiinga opphøyrer.

Meissnereffekten vart oppdaga 1933 av tyskaren Walther Meissner og Robert Ochsenfeld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]