Meisterrot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Meisterrot | ||
|
Meisterrot Foto: H. Zell |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantar | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Apiales | |
| Familie: | Skjermplantefamilien | |
| Slekt: | Mjølkerotslekta | |
| Art: | P. ostruthium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Peucedanum ostruthium | ||
Meisterrot, Peucedanum ostruthium, er ei fleirårig urt i skjermplantefamilien, som blir 30 til 100 cm høg. Ho kjem frå fjellområde i Sør- og Mellom-Europa. Ho er innført til Noreg, truleg som medisinplante, kanskje knytt til klostervesenet i mellomalderen. Ho er no i pågåande tilbakegang i Noreg og blir difor rekna som ein nær truga art her til lands.[1]