Meizhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meizhou si plassering i Guangdong

Meizhou (kinesisk: 梅州; pinyin: Méizhōu) er eit byprefektur heilt aust i provinsen Guangdong, sør i Folkerepublikken Kina. Prefekturet, som grensar mot provinsen Fujian, har eit areal på 15 836 km² og om lag 5,05 millionat innbyggjarar. Byprefekturet Meizhou består av eitt distrikt, eitt byfylke og seks fylke. Meizhou har vore prefektur sidan 900-talet. Staden har namn etter elva Mei.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører den gjennnom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou. Også Kinas riksveg 206 går gjennom området. Han går frå kystbyen Yantai til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Vegen går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til sist Guangdong.