Meløy historielag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Meløy Historielag)

Meløy historielag er ein privat medlemsorganisasjon med føremål å verne om kulturarven i kommunen ved å spreie kunnskap om fortida og å ta vare på munnleg tradisjon om liv og arbeid i eldre tid. Laget vart skipa våren 1984 etter initiativ frå Per Swensen.

Aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Årbokkomiteen tar hand om det praktiske rundt redigering og utgjeving av årboka Den stille fjerding. Boka kom ut første gong i 1985. Ho samlar artiklar og bilete som medverkar til å dokumentere historia åt kommunen. Laget er ansvarleg utgjevar, boka har årleg redaktør, men kvar einskild bidragsytrar er sjølv ansvarleg for innhald og gjengjeving av fakta. Laget gjev også ut andre skrifter og samlar eldre bilete til årlege kalendrar.

«Teisten», 2007.
Foto: Roar Johansen

Laget har faste lokale til styremøte og arkiv på kontoret, bakeriet på Ørnes gamle handelsstad. Dei gamle lokala til Meløy Sparebank på Meløya er leigd ut til laget for å tene som eit samla lokalhistorisk magasin for arkivert materiell ått av privatpersonar og av private og offentlege institusjonar. Laget ønskjer å administrere og drifte arkivet med dei gamle banklokala som deponistad.

«Teisten»[endre | endre wikiteksten]

«Teisten» er ein motoråttring frå 1938 som var i dagleg drift i Bolga fram til 1992 då laget fekk høve til å kjøpe han. Laget stod som eigar av båten medan han vart restaurert, etter det har Meløy Bygdemuseum tatt ansvar for eigarskap og drift.

Meløygarden[endre | endre wikiteksten]

I 1989 starta historielaget eit langvarig arbeid for å stoppe forfallet av bygningar på Meløygarden på Meløya. Målet var å få bygningane verna av fylkeskonservatoren og å få dei restaurert. I 1996 kjøpte laget to av bygningane, allmugestova og «Kjeipen». Etter det er Stiftelse for vern av Meløygården skipa. Stiftinga har tatt over dei to bygningane saman med andre verneverdige bygningar på garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Laget sin nettstad