Melanoceritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Melanoceritt er eit mineral med komplisert kjemisk samansetjing, vesentleg eit borosilikat av lantanoidar, yttrium og kalsium. Det opptrer i metamikt tilstand i nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden. Det er skildra av W. C. Brøgger i 1887.

Karyoceritt er ein thoriumrik varietet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]