Melbourne i Derbyshire
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Melbourne |
||
|---|---|---|
| Marknadsplassen | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Derbyshire | |
| Distrikt | South Derbyshire | |
| Geografi | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | DE73 | |
| Telefon-retningsnummer | 01332 | |
|
|
||
Melbourne er ein marknadsby i Derbyshire i England. I 1837 vart Melbourne i Australia kalla opp etter statsministeren William Lamb, 2. vicomte Melbourne som har namnet sitt frå Melbourne Hall i Melbourne.
Historie [endre]
Namnet Melbourne kjem frå «mill stream». Det vart oppført i Domesday Book som Mileburne. Ei soknekyrkje vart bygd i Melbourne rundt 1120.
I 1311 forskansa Robert de Holand krongodset i Melbourne som etter det vart kjent som Melbourne Castle sjølv om festningane aldri vart fullført. Tidleg på 1600-talet var borga i så dårleg forfatning at han vart riven. Ruinane etter borga er framleis synlege.
Kjende personar tilknytta Melbourne [endre]
- Thomas Cook, reisebyrågrunnleggar, fødd i Melbourne i 1808.
- William Lamb, 2. vicomte Melbourne, statsminister 1834 og frå 1835 til 1841.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Melbourne i Derbyshire» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.