Meldestokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meldestokk


Meldestokk
Meldestokk

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Chenopodium
Art: C. album
Vitskapleg namn
Chenopodium album

Meldestokk (Chenopodium album) er ei eittårig plante i amarantfamilien. Planta er helst rekna som ugras i Noreg, men er også brukt som matplante og til fôr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Meldestokk er grågrøn på farge og blir 30–100 cm høg. Greinene er tett dekte av små hår, og han har små, lite merkbare blomar.

Planta liker sterkt gjødsla jord, og veks ofte i opne åkrar, særleg der det blir dyrka grønsaker og rotvekstar. Kvar plante produserer i gjennomsnitt 3000 frø.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Meldestokk er vanleg i heile Noreg. I låglandet er han det vanlegaste sommareittårige ugraset både i hagar og landbruk.

Om planta er rekna som ugras, kan ein nokså lett fjerna henne gjennom radreinsing, hakking, luking eller plantedrepande middel.

Ris og karrirett laga med meldestokk

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Meldestokk er brukt som mat av menneske og dyr. Fleire fuglar kan eta frøa hans. Truleg brukte også menneske i norrøn tid planta, ettersom det er funne frø frå henne under utgravinga av Osebergskipet.

I indisk matlaging blir blada og skota frå planta brukte i rettar som supper, karriar og fylte brød som særleg er vanlege i Panjab. Frøa blir brukte i grautaktige rettar som phambra og laafi i Himachal Pradesh og i svakt alkoholhaldige drikkar som soora og ghanti.

Den tradisjonelle bruken i Europa er fôr til dyr, noko ein kan sjå på ulike namn på planta som pigweed og fat-hen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Meldestokk