Melfjorden i Rødøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melfjordbotnen

Melfjorden er ein fjord i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 32 km austover til Melfjord i Melfjordbotn.

Fjorden startar i vest mellom Storbjørnøya ved Rangsundøya i nord og holmen Vikingen i sør. Fjorden går austover mellom Rangsundøya og Tonnes i sør, og snur raskt søraustover på austsida av Tonneshalvøya. Eit lite stykke sørover langs halvøya svingar Melfjorden austover igjen, medan Sørfjorden går vidare sørover til Øresvika og Gjervalen.

Vidare austover i fjorden er det berre isolerte gardsbruk på begge sider av fjorden. Ved Nordfjordneset går Nordfjorden nordover. Melfjorden går austover og svingar så søraustover. Denne indre delen av fjorden har ingen busetnader og bratte fjordsider som stig opp til 500-700 meter. Inst i fjorden ligg bygda Melfjord som har vegsamband oppover fjorddalen.