Melhus kyrkje
| Melhus kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Sokn: | Melhus | |
| Innvigd: | ca. 1890 | |
| Kyrkjegard: | ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Kyrkjerommet | ||
Melhus kyrkje, Melhus i Sør-Trøndelag, er ei steinkyrkje frå ca. 1890.
Til venstre for altartavla heng eit måla portrett, rekna som Petter Dass sitt portrett , truleg måla i 1684 av ein ukjend kunstnar.
Historie [endre]
Melhus prestegjeld hadde i 1589 to prestar og fem kyrkjer. Melhus kyrkje var hovudkyrkje med annekskyrkjer i Leinstrand, Flå, Grøtan og Kolbrandstad og to i Hølonda. Kolbrandstad kyrkje vart riven midt på 1600-talet. Ved kgl.res. 6. mars 1889 vart det tillate å rive den gamle steinkyrkja i Melhus hovudsokn og byggje ei ny kyrkje på same tomt.
Historikaren Gerhard Schøning skreiv etter ei vitjing i Melhus kyrkje: «Ved den søndre Siide af Indgangen til Choret, staaer et Epitaphium som K a r e n, A n d e r s H e l k a n d t s, har ladet sætte, over sine Forældre og Børn.»
Dette «Epitaphium» hang i gammalkyrkja i Melhus. Det vart ikkje flytta over til nykyrkja då den gamle mellomalderkyrkja vart riven i 1890, men vart i staden sett unna på garden Søndre Melhus. Her stod tavla til 1899.
Prestegårdslåna [endre]
Prestegårdslåna som ligg rett sør for kyrkja var rivningstrua på 1990-talet til ho vart freda av Riksantikvaren. Bygningen er i dag i eiga til Stiftelsen Prestegårdslåna i Melhus.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Prestegårdslåna i Melhus
- Melhus kirkelige fellesråd, offisielt nettområdet
- Nidaros bispedømme, offisielt nettområdet
|
|
|
|---|---|
| Aunegrenda · Berkåk · Brekken · Budal · Fagerhaug · Flå · Glåmos · Haltdalen · Haltdalen nye stavkyrkje · Hessdalen · Hitterdal · Horg · Hølonda · Innset · Kolbrandstad stavkyrkje · Lønset · Melhus · Nerskogen · Oppdal · Rennebu · Røros kapell · Røros kyrkje · Singsås · Soknedal · Støren · Ålen |