Melibokus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melibokus
Melibokus
Melibokus
Høgd over havet 517 m
Ligg i/på Tyskland Hessen i Tyskland
Fjellkjede Odenwald
Koordinatar 49°43′31″N 8°38′13″EKoordinatar: 49°43′31″N 8°38′13″E

Melibokus (òg Melibocus, Malchen eller Malschen) er det høgaste fjellet i regionen Bergstraße sør i Hessen sentralt i Tyskland. Fjellet ligg ved Rhindalen i den vestlegaste delen av Odenwald, og er eit lokalt landemerke. På toppen ligg ein liten kafé, eit utkikkstårn og ei radiomast som vart reist av den amerikanske hæren etter den andre verdskrigen.

Fjellet vart sannsynlegvis nemnd av Klaudios Ptolemaios i verket hans Geografi (Bok 2, Kapittel 10) som Melobokon oros, som var grensa mellom stammane Chamavi og Cherusci.

I mellomalderen var namnet Mons Malscus og det var ein busetnad i området kalla Malchen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]