Melløs stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°25′15.060″N 10°40′17.018″E

Melløs Stadion
Eigar Moss kommune
Drift Moss kommune
Brukarar Moss FK
SK Rapid
FK Athene Moss
Moss IL
Underlag Gras
Kapasitet 4 117 (2400 seter)
Tilskodarrekord 11 000 (1976)
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
21. mai 1939
Stengt

Melløs Stadion er ein fotball- og friidrettsarena i Moss. Området har fire grasbanar: éin hovedarena der Moss FK spelar og tre treningsbaner. Kunstgrasbanen vart teken i bruk hausten 2005.

Stadionet har i dag ein kapasitet på 4 117 plassar, av dette 2 400 seter. Dette kjem av strenge krav frå NFF. Det er planer om å bygge ut Melløs til Melløs Arena. Dette har ei kostnadsrame på 120 millionar, men pengane er ikkje på plass.[1]

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Det er blitt halde Noregsmeisterskap i både friidrett og hurtigløp på skøyter på Melløs.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stadionet vart opna 21. mai 1939 med eit opningsstemne der mellom anna Moss møtte Sprint til kamp.[2]

Tilskodarrekorden er på 11 000 frå 1976 då Moss møtte Odd, men det er usikkert kor mange som var inne på stadionet. 26. oktober 2003 såg 10 086 tilskodarar kampen mellom Moss og Fredrikstad.

26. oktober 1983 spelte Noreg mot Finland på Meløs, sett av 2067 tilskodarar. Noreg vann kampen 4–2. Ein annan landskap som vart spelt på Meløs var mot Tyrkia den 6. mai 1987. Kampen enda 1–1.

17. september 1988 spelte Moss semifinale i cupen mot Brann. Brann vann kampen 1–0.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]