Sentral-Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mellom-Europa)
Sentral-Europa
Alpelanda og Visegrád-gruppa (Politisk kart, 2004)

Sentral-Europa eller Mellom-Europa er regionen som ligg mellom dei svakt definert områda Aust-Europa og Vest-Europa. I tillegg kan Nord-Europa, Sør-Europa og Søraust-Europa delvis avgrense og overlappe Sentral-Europa. Uttrykket vart igjen brukt etter slutten på Den kalde krigen, som hadde delt Europa politisk inn i Aust og Vest, der Jernteppet delte «Sentral-Europa» i to. Definisjonen av Sentral-Europa varierer frå nasjon til nasjon, og har òg endra seg med tida.

Området vert vanlegvis definert som:

Sentral-Europa er meir basert på felles historie enn eit fysisk område, og fram til Den første verdskrigen skilde det Austen, representert ved Det ottomanske riket og Det russiske keisardømet, frå Vesten, og var eit område med relativt konservativ politikk og ein motpart til liberalismen i vest (Frankrike og Storbritannia) og påverknadane frå Den franske revolusjonen. På 1800-talet, medan Frankrike utvikla seg til ein republikk og Storbritannia vart eit liberalt parlamentarisk monarki, der monarkiet hadde svært lite makt, heldt Austerrike-Ungarn og Prøyssen (seinare Det tyske keisardømet) på konservative monarki, der monarken og hoffet hans var ei viktig regjeringsmakt, i lag med noko påverknad frå religion. Etter Den første verdskrigen, og enno meir etter Den andre verdskrigen, forsvann det liberale/konservative skilje mellom Vest og Aust, og vart bytta ut med eit demokratisk/autoritært skilje.

I mange land fall konsept Sentral-Europa bort under Den kalde krigen, overskugga av Aust- og Vest-Europa. I dag vert derimot uttrykket meir og meir brukt igjen.

Det vert stundom sagt at Sentral-Europa er den delen av Europa som vert rekna som Austleg av vesteuropearar, og som vestleg av austeuropearar.

Mellom Alpane og Balkan[endre | endre wikiteksten]

Geografien set markerte grenser mellom Sentral-Europa og naboregionane i nord og sør. Nord-Europa (eller Skandinavia) ligg på andre sida av Austersjøen, og Italia på andre sida av Alpane. Grensene til Aust- og Vest-Europa er derimot geografisk sett meir flytande, og kulturelle og geografiske definisjonar flyttar seg lettare vest-aust enn sør-nord.

Dette kan forklare kvifor mange leksika, og t.d. CIA World Factbook, deler inn Sentral-Europa som følgjer:

Alpeland
(vest til aust)

Visegrád-gruppa
(nord til sør)

Bruken av omgrepet Alpeland for land som strekkjer seg til Austersjøen og Nordsjøen er noko omstridt. Tyskland har utan tvil vert rekna som eit land i Sentral-Europa, både av tyskarar og andre, og både på 1800- og 1900-talet har det vore rekna som eit land Nord for Alpane, og ikkje eit land i Alpane. Dette gjeld sjølv for Bayern, den mest alpine delstaten i Tyskland, der flest folk bur nord for Alpane og ikkje i dei.

Det kulturelle Sentral-Europa[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre land har òg regionar som har ein viss sentraleuropeisk karakter, og som tidlegare i historia har vore ein del av sentraleuropeiske konge- og keisardøme, slik som Det heilage romerske rike, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Den polsk-litauiske realunionen og Det tyske keisardømet. Desse er:

Sentral-Europa bak Jernteppet[endre | endre wikiteksten]

Etter Den andre verdskrigen vart store delar av Europa, som både kulturelt og historisk var Vestleg, ein del av Austblokka, og dette fjerna effektivt omgrepet Sentral-Europa, og om det hadde vorte brukt kunne det tydd dei nøytrale landa Sveits og Austerrike. Etter oppløysing av Warszawapakta og slutten på Den kalde krigen har omgrepet meir og meir gått tilbake til si opphavlege tyding.

Under Den kalde krigen vart Sentral-Europa stundom berre brukt om dei vestlegaste Austblokklanda (Polen og Ungarn) for å vise at dei var kommuniststatar som var kulturelt knytt til Vest-Europa. Denne bruken av omgrepet har vore nytta òg etter Den kalde krigen.

Dei nye medlemmene av EU[endre | endre wikiteksten]

Etter utvidinga av EU 1. mai 2004 vart uttrykket Sentral-Europa stundom feilaktig brukt om «dei nye landa i EU». Dvs frå Estland til Malta. Dette vart kanskje gjort for å unngå uttrykket Nye Europa som Donald Rumsfeld kom opp med, og som kanskje viste for mykje amerikansk uvitigskap om europeiske saker.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]