Mellomistid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figuren viser korleis temperatur og mengda is i isbrear har svinga siste 450 000 år.

Ei mellomistid eller interglasial er ein periode med høgare temperaturar som skil kalde periodar under istider. Den noverande varmeperioden har vart sidan pleistocen, 11 400 år tilbake.

Interglasial vert òg nytta som namn på avsetningar frå ein slik periode.

Mellomistider under pleistocen[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei siste 2,5 millionar åra som pleistocen varte, har det vore istider, der store isbrear har dekt Nord-Europa, Sibir og Nord-Amerika. Desse periodane med nedising har vore fråskilde av kortare periodar med det vi i dag reknar som «normal» temperatur, der isbreane har vore avgrensa til Grønland og Nordishavet. Tilsvarande varmeperiodar har ein hatt på den sørleg halvkula.

Tradisjonelt har mellomistidene vorte påvist ved hjelp av fossil, særleg av pattedyr, blautdyr og frø. Seinare har pollenanalysar og analysar av små organismar som foraminiferar, kiselalgar og insekt hjelpt til å fylle ut biletet. I dag blir det brukt undersøkingar av isotopar i is og havbotnssediment for å fastslå temperatursvingingar.

Mellomistidene under pleistocen har vore kortare enn sjølve istidene dei skil, frå 10 til 20 tusen år lange. Istida i mellom kan vare frå 50 til 150 tusen år. Dei fleste mellomistidene har vore relativt varme, men ikkje alle. Òg kaldare periodar med mykje nedbør har ført til stor avsmelting, og blir òg rekna som mellomistider.

For Nord-Europa har ein tidlegare rekna med tre mellomistider, Cromer, Holstein og Eem (frå eldst til yngst). Eem, den siste mellomistida, skjedde her frå 125 000 til 115 000 år sidan, mellom Saaleistida og Weichselistida. Truleg har det òg vore fleire milde periodar innanfor kvar istid, og ein er no på veg bort frå tanken om at ein berre har nokre få, særskilde mellomistider.

I Noreg finst avleiringar frå den Eem-tida på Karmøy, Voss og Fjøsanger ved Bergen. Klimaet var då mildare enn id ag og det var store granskogar på Vestlandet.[1]

Klima under mellomistider[endre | endre wikiteksten]

Mellomistidene vert gjerne innleia med ein relativt varm periode med rask smelting av isbreane, etterfølgt av ein noko kjøligare periode. Så følgjer eit interglasalt optimum eller klimatisk optimum der temperaturen når dei høgaste gjennomsnittsverdiane for perioden. Havnivået stig samstundes. I Noreg blir denne effekten skjult av landheving, men vekslinga mellom høgt og lågt havnivå kan vere ein viktig faktor i sørlegare strøk. Temperaturen fell så langsamt og rykkevis gjennom tusenåra med fleire periodar der isbreane rykker fram, slik som under den vesle istida frå rundt 1400 til 1800. Mot slutten av mellomistida vil slike «små istider» bli lengre og meir dominerande, til isbreane igjen dekker dei nordlegaste landmassane, og klimaet er inne i ei ny istid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]