Mellotron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den nye MkVI-modellen frå 1998.

Mellotron er eit elektrisk tangentinstrument. Instrumentet er ein avart av Chamberlin som vart funne opp av Harry Chamberlin i 1946, og er ein tidleg forløpar til sampelen. Instrumentet er til dels teknisk vanskeleg å spele på, og nokre av modellane har sine avgrensingar. Dei mest kjende lydane er kor, fiolin (denne lyden vart teke direkte frå Chamberlinen), fløyte og cello, men i prinsippet kunne alle lydar framstellast. BBC nytta seg blant anna av ein Mellotron fx maskin på 1960-talet som inneheldt lydeffektar som tog, fly, dyrelydar, osb.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå ein digital samplar som lagar lydane digitalt, spelar Mellotronen av analoge sample. Under kvar tangent er det det eit magnetisk band (tape) som blir drive av ein elektrisk motor via ein valse, og når ein tangent blir trykt ned, blir bandet trykt mot eit avspelingshovud (lydhovud). Kvart band har ei varigheit på åtte sekund, og det er dermed ikkje mogleg å lage tonar av lengre varigheit enn det. Når tangenten så blir sloppe opp blir bandet drege tilbake i ein kassett av ei fjør som er montert i den andre enden.

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentet hadde sin første stordomsperiode på 1960-talet, og vart brukt av mellom anna The Beatles (fløyteintroen på «Strawberry Fields Forever») og The Moody Blues (strykaren på «Nights In White Satin»). Instrumentet vart ein viktig del av progrock-sjangeren på 1970-talet, saman med Hammondorgelet og minimoogen.

I Noreg var det mellom anna Popol Vuh/Popol Ace og trønderbanda Four Jets og Rei Fox som brukte Mellotron på 1970-talet. Red Fox-keyboardist Leif Roar Øyås brukte mykje Mellotron «live» på scena og spelte mellom anna ein disco-versjon av Beethoven sin 5. symfoni - som var den ultimate nytta av Mellotron M400. Utover andre halvdelen av 1970-talet og på 1980-talet vart Mellotronen bytt ut med rimelegare synthesizerar som Solina String Ensemble og Roland vp-330, og sklei ut av populærmusikken, men fekk ein renessanse på 1990-talet då band som Oasis (til dømes celloen på låten «Wonderwall») og særleg ei rekkje skandinaviske progrockband igjen byrja å bruke han. Band som Landberk, Änglagård, Anekdoten og White Willow er særleg sentrale her. Medan ein seint på 80-talet fekk kasta desse etter seg, førte den nye bølgja av band som atter tok Mellotronen i bruk til at prisen gjekk rett til vêrs. Ein kunne kjøpe ein Mellotron for 3000 kr tidleg på 1990-talet og selje han for 50 000 kr berre nokre år seinare.

Modellar[endre | endre wikiteksten]

  • Marker I (1963) - dobbelmanual. Denne er særs lik Chamberlin Music Master 600, som Streetly Electronics stal ideen frå.
  • Mk II (1964) - dobbelmanual. Brukt av blant anna The Beatles, King Crimson og Genesis.
  • Fx console (1965) - dobbelmanual. Brukt blant anna i BBC. Roger Arnhoff kjøpte ein slik modell på 60-talet, og er einaste av slaget sitt i Noreg.
  • M300 (1968) - særs sjeldan modell. Han har berre ein manual og ikkje noko pitchhjul.
  • M400 (1970) - den vanlegaste modellen. Ca 1800 einingar vart laga. Det norske bandet Wobbler nyttar to slike. M400 har tre lydar per ramme.
  • Marker V (1975) - to m400'er i ein.
  • Novatron Marker V (1977) - dette er rett og slett ein mellotron Mark V under eit anna namn.
  • Novatron 400 (1978) - dette er rett og slett ein M400. Den einaste skilnaden er namnet.
  • T550 (1981) - dette er ein flight-case-versjon of Novatron 400. Ca 3 vart laga av denne modellen.
  • 4 Track (1981) - ca 5 stk vart laga av denne.
  • Marker VI (1998) - den første mellotron i produksjon sidan det engelske selskapet Streetly Electronics gjekk konkurs på 80-talet. Det er ein oppgradert M400. Den nye fabrikken er i Stockholm.
  • Marker VII - dette er ei oppgradert Mark V. Òg produsert i Stockholm av Markus Resch.
  • M4000 (2007) - Dette er ein ny modell produsert av sonen til ein av Bradley-brørne i Streetly Electronics, og er i slekt med MkII, med cycling-mekanisme.

Slektskap[endre | endre wikiteksten]

  • Birotron - her gjekk banda i ein uendeleg loop. Berre ei handfull vart laga.
  • Chamberlin - dette er den første samplaren, oppfunnen i USA på 40-talet.
  • Orchestron - denne maskina gjekk ikkje på band, men optiske diskar. Kraftwerk brukte ein slik.
  • Optigan - dette er biletutgåva av Orchestronen, òg denne fekk lydar ved optiske diskar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]