Melody Amber-turneringa i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Melody Amber-turneringa i blindsjakk og hurtigsjakk har frå 1992 blitt arrangert kvart år i Monte Carlo i Monaco, fram til den i 2008 vart arrangert i Nice i Frankrike. Arrangør og sponsor kunngjorde før turneringa i 2011 at dette vart den siste.

Turneringa blir arrangert med 12 deltakarar, som alle spelar eit parti blindsjakk og eit parti hurtigsjakk mot kvarandre. Det blir premiert separat både for beste samanlagt resultat i blindsjakk og i hurtigsjakk, og for beste resultat totalt i begge disiplinar. (Den første turneringa i 1992 hadde ikkje blindsjakk og var i staden ei dobbeltrundig hurtigsjakkturnering.)

På grunn av dei høge pengepremiane og den uvanlege turneringsforma stiller alle dei beste spelarane i verda opp i turneringa - viss dei er blant dei 12 heldige som blir invitert. Turneringa blir sponsa av den nederlandske milliardæren og verdsmeisteren i fjernsjakk, Joop van Oosterom. Turneringa er kalla opp etter namnet til dottera til van Oosterom. Turneringa blir vanlegvis arrangert i mars.

Magnus Carlsen har deltatt i 2007, 2008, 2009, 2010 og 2011. I 2008 med ein delt andreplass totalt som resultat[1], i 2009 vart det delt førsteplass i blindsjakken og fjerdeplass totalt,[2], i 2010 vann han turneringa saman med Vassilij Ivantsjuk, og desse to vann også hurtigsjakken,[3] [4] og i 2011 vart det andreplass totalt, og suveren siger i hurtigsjakken med 9,5 poeng av 11 moglege.

Vladimir Kramnik har flest turneringssigrar med 6, medan Viswanathan Anand har 5.

Vinnarar av turneringa (samanlagt for blind- og hurtigsjakk)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]