Melon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Melon


Kantalupp på planten.
Kantalupp på planten.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Cucurbitales
Familie: Cucurbitaceae
Slekt: Cucumis
Art: C. melo
Vitskapleg namn
Cucumis melo

Melon (frå gresk melopepon, 'epleliknande graskar') kan visa til den søte frukta til ein plante i graskarfamilien, eller til sjølve planten. Det er hovudsakleg ulike varietetar frå arten Cucumis melo som blir kalla melon eller sukkermelon, medan frukt frå Citrullus vulgaris blir kalla vassmelon. Melonar er runde, nokså store frukter med gult eller grønt skal som kan ha ulike mønster. Fruktkjøtet er mildt og saftig og kan vera gult, grønt eller raudleg.

Melon er ein gammal kulturplante som stammar frå India. I kaldare klima kan han dyrkast i veksthus.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Honningmelon er rund eller oval med knallgult, glatt skal med langsgåande furer. Fruktkjøtet er grønaktig til kremfarga.
  • Piel de Sapo, eller «froskeskinnsmelon», er ein oval type honningmelon med knudrete, mørkt skal i grønt og svart.
  • Orange Flesh er heilt rund med glatt, guloransje skal. Fruktkjøtet er lyst oransje.
  • Galiamelon er liten og rund med gulgrønt til oransje skal med antydning til nettmønster. Fruktkjøtet er fast og lyst grønt. Namnet «galiamelon» kjem frå den israelske kibbutzen der sorten blei dyrka fram.
  • Charentaismelon er rund med glatt, lyst grønt skal med langsgåande striper. Fruktkjøttet er mjukt og lyst oransje.
  • Kantalupp(melon) er liten og kulerund med lyst grått til gulgrønt skal som er stripa og nettmønstra. Fruktkjøtet er mjukt og lyst oransje. Namnet «kantalupp» kjem via fransk cantaloupe frå italiensk cantalupo etter slottet Cantalupo i Ancona, der dei første av desse melonane blei dyrka.
  • Nettmelon er stor og rund med eit nettverk av opphøgde lister på det lyst gule til brune skalet. Fruktkjøtet er gult og saftig.
  • Ogenmelon er ei kryssing mellom kantalupp og nettmelon med gulgrønt skal og langsgåande, mørkare striper. Fruktkjøtet er lyst grønt, smaker ananasaktig og har liten frøkjerne.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Melon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]