Meltemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meltemi skjer når det oppstår høgtrykk over Balkan og lågtrykk over Tyrkia

.

Meltemi (μελτέμι på gresk) eller meltem (på tyrkisk) er ein sterk, tørr nordavind i Egearhavet, som bles frå midten av mail til midten av september.

På varme sommardagar er dette ein vind som bringer noko meir behagelege temperaturar. Vinden er kraftigast om ettermiddagen og døyr ofte ut om natta. Stundom kan derimot meltemivindane vare i fleire dagar utan pause. Meltemi kan vere farleg til sjøs, sidan han kan starten utan varsel på klåre dagar og nå ein styrke på stiv til sterk kuling.[1] Somme seglbåtar og nokre av ferjene som går mellom øyane, kan ikkje segle under slike forhold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]