Melvilleøya i Australia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Tiwiøyane

Melvilleøya er ei øy som ligg ved kysten av delstaten Northern Territory i Australia. Med ei flatevidd på 5786 km² er Melvilleøya Australias nest største øy etter Tasmania. Saman med Bathurstøya utgjer ho øygruppa Tiwiøyane.

Til liks med Arnhem land er øya eit reservat for aboriginar der inga turisme er tillaten. No til dags bur om lag 600 aboriginar på øya som har eigen forvaltning.

Den nederlandske sjøfararen Abel Tasman var i 1644 den første europearen som vitja øya. Ho er oppkalla etter ein britisk adelsmann som i si tid (kring 1820) var sjef for den britiske marinen.

Yermalner er det lokale namnet på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]