Mem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
To tekanner, den til venstre laga i England i 1690-åra og den til høgre laga i Kina i 1627. Mønsteret på sida deira er nesten heilt likt. Etterlikningar og overføringar av måten å laga noko på er døme på mem.

Mem er ei nemning inna sosiobiologien for ei eining innan kulturell evolusjon. Omgrepet er reint teoretisk, og står for læring eller imitering av idéar, haldningar, moter, vaner og antakingar.

Uttrykket er ei neologisme laga av Richard Dawkins, som brukte det for første gong i boka The Selfish Gene i 1976. Han meinte ein kunne utvide evolusjonskonseptet til den kulturelle spreiinga av tankar og idéar.[1]

Evolusjonsbegrepet kjem inn der imiteringa utviklar seg, til dømes at ei musikkgruppe blir inspirert av ei anna musikkgruppe og skapar ny musikk inspirert av det foregåande, men framleis innan rammeverk til sin subkultur.

Dei einaste artane som har utvist memetiske handlingar er menneske, delfin[2] og fugleartar (som lærer å synge av foreldra[3]).

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Sjølve ordet «mem» (engelsk meme, /miːm/) er ei samansmelting av mimeme (frå gammalgresk μίμημα mimēma, 'noko etterlikna') og gene (gen), for å illustrera at mema i den kulturelle evolusjonen tilsvarar det gena er for den genetiske evolusjonen. Richard Dawkins ville ha eit einstavingsord som skulle vere nært tilknytt den biologiske motsetnaden gen (på engelsk gene).[4] Dersom ein overfører retningslinene hans til norsk, blir omsetjinga mem.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

Mem kan til dømes vere verdi-baserte («Kyskleik er viktig»), preferanse-baserte («Svinekjøt er avskyeleg»), eller basert på overtru («Å knuse ein spegel gir sju års ulukke»). Dei kan også basere seg på uttrykk frå folkemunne («Ein fugl i handa er betre enn ti på taket»), segnerJostedalsrypa», vandresoger), populærkultur (Rifla påmmfri) eller internetthendingar («Er det for sent å stemme på radiohode?»).[5] I tillegg kan for eksempel spreiing av moteplagg nemnast som eit mem; ei kulturell spreiing av ein bestemt eigenskap.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Teorien rundt memet har fått kritikk blant anna for å vere ei kraftig forenkling av tankeskapinga, eit emne som blant anna omfattar all spreiing av ideologiske og teologiske tankar. Memet blir av enkelte filosofar sett på som ei abstrahering og katalogisering av noko så flyktig som idéen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dawkins, Richard (1989), The Selfish Gene (2 utg.), Oxford University Press, s. 192, ISBN 978-0-19-286092-7, «We need a name for the new replicator, a noun that conveys the idea of a unit of cultural transmission, or a unit of imitation. 'Mimeme' comes from a suitable Greek root, but I want a monosyllable that sounds a bit like 'gene'. I hope my classicist friends will forgive me if I abbreviate mimeme to meme. If it is any consolation, it could alternatively be thought of as being related to 'memory', or to the French word même. It should be pronounced to rhyme with 'cream'.» 
  2. Atlantic Spotted Dolphin vocalizations, chapter Delphinid vocalizations (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2008, henta 29. oktober 2008 
  3. Vocal Development
  4. «meme, n.» i Oxford English Dictionary; Dawkins, Richard (1989). The Selfish Gene (2. utg.). Oxford: Oxford University Press. s. 352. ISBN 0192177737. 
  5. Jackson, Ida (28. oktober 2008), «Er det for sent å stemme på radiohode?», Ida Jackson (på norsk bokmål), henta 8. oktober 2020