Memory of a Free Festival
| Memory of a Free Festival Singel av David Bowie frå albumet Space Oddity |
||
| A-side | «Memory of a Free Festival Part 1» | |
|---|---|---|
| B-side | «Memory of a Free Festival Part 2» | |
| Utgjeve | 12. juni 1970 | |
| Innspelt | Advision Studios, London 3., 14., 15. januar 1970 |
|
| Sjanger | Folkrock, progressiv rock | |
| Lengd | 3:59 (Part 1) 3:31 (Part 2) |
|
| Selskap | Mercury 6052 026 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «The Prettiest Star» (1970) |
Memory of a Free Festival | «Holy Holy» (1971) |
«Memory of a Free Festival» er ein song av David Bowie. Han vart opphavleg spelt inn som ein sju minuttar lang opus for Bowie på albumet Space Oddity i 1969. Han vart omarbeidd etter ønske frå Mercury Records, som meinte at songen hadde betre sjanse til suksess som singel enn «The Prettiest Star», som kom ut tidlegare på året.
Bowie og Tony Visconti delte songen om lag i to, spelte inn begge halvdelar på ny slik at begge halvdelane kunne fungere som individuelle songar. Ein meir rocka versjon enn det tidlegare albumsporet,[1] med trommeslagar Mick Woodmansey for første gong i studio for Bowie. Dette danna bandet som kort tid etter skulle spele inn The Man Who Sold the World.
Biografen David Buckley skildrar «Memory of a Free Festival» som «ein slags tripp-aktig nyinnspeling av the Stones sin 'Sympathy For The Devil', men med smilande tekst.»[2] Songen vart skriven som ein hyllest til Free Festival, organisert av Beckenham Arts Lab, som vart halden i Croydon Road Recreational Ground i Beckenham den 16. august 1969.[3]
Singelen selde dårleg då han vart gjeven ut i USA i juni 1970 og selde berre nokre få hundre kopiar. Han vart òg gjeven ut i Storbritannia, men gjekk like dårleg her.
Innhaldsliste |
Medverkande [endre]
- David Bowie – vokal, gitar
- Mick Ronson – gitar
- Tony Visconti – bass
- Mick Woodmansey – Trommer
- Tony Visconti – produsent
Andre utgjevingar [endre]
- Bowie spelte songen for radioshowet The Sunday Show den 8. februar 1970. Ei forkorta utgåve av dette finst på samlinga Bowie at the Beeb frå 2000.
- Bowie spelte òg songen i 1973 under Ziggy Stardust-turneen som den tredje delen av ein medley som starta med «Quicksand» og «Life on Mars?».
- The Mike Garson Band, namnet på bandet som akkompagnerte Bowie på Philly Dogs-turneen sin, lukka settet sitt med ein soul-aktig versjon av songen i 1974.
Andre versjonar [endre]
- E-Zee Posse gav ut ein dance-versjon av songen i 1990, kalla «The Sun Machine». Han vart ein liten hit i rave-miljøet og vart gjeven ut i mange format.
- Dario G sampla Bowie i 1998 for singelen deira «Sunmachine».
- Mercury Rev spelte songen i 2006 for samleplata Stillness Breathes
- The Gene Ween Band har spelt «Memory Of A Free Festival» på fleire av konsertane sine.
- Edward Sharpe & the Magnetic Zeros spelte songen på Manimal Vinyl sin hyllest til David Bowie i 2010
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Memory of a Free Festival» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.33
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.98
- ↑ The Free Festival which inspired the song: BowieWonderworld.com website. Retrieved on september 22, 2007.