Menaikhmos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menaikhmos
Statsborgarskap Alokopennesos
Fødd ca. 380 f.Kr.
Alokopennesos
Død

ca. 320 f.Kr.
Cyzicus

Yrke matematikar, astronom
Språk gamalgresk

Menaikhmos (380-320 fvt.) var ein gresk matematikar og elev av Platon.

Han fann ut korleis han kunne løyse problemet med fordoblinga av kuben ved to parablar eller ein parabel og ein hyperbel. Han vert rekna for den første matematikaren som studerte kjeglesnitta systematisk. Menaikhmos var òg lærar for Alexander den store og tilskrivast fyndordet: «Det finst ingen kongsveg til matematikken.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]