Menno van Coehoorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menno van Coehoorn

Baron Menno van Coehoorn (ca. mars 164117. mars 1704) var ein nederlandsk soldat og militæringeniør. Han gjorde mange viktige våpennyvinningar innan omleiringar og festningsverksteknikkar. Han vert òg kalla «den hollandske Vauban» (Hollandse Vauban) etter den kjende franske motparten hans Sébastien Le Prestre de Vauban.

Han fekk ei særs god militær utdanning og 16 år gammal var han kaptein i den nederlandske hæren. Under dei engelsk-nederlandske krigane tok han del i forsvaret av Maastricht i 1673 og omleiringa av Grave i 1674, der han nytta ein liten bombekastar (kalla coehorn) som han fann opp med stor effekt mot den franske garnisonen. Han vart forfremma til oberst for handlingan i slaget ved Seneffe (1674), og var òg til stades under slaget ved Kassel (1677) og slaget ved Saint Denis (1678).

Coehoorn fekk mykje kunnskap og innsikt i bygging av festningsverk ved å erobre mange av dei sjølv. Det første verket han publiserte, Versterchinge de Vijfhoeks met alle syne Buytenwerken (Leeuwarden, 1682), gav han merksemd. Coehoorn fekk byggje om mange festninsgverk i Nederland. Han formulerte ideane sine i hovudverket hans Nieuwe Vestingbouw op een natte of lage horisont i 1685, der han greidde ut om tre forskjellige festningssystem.

I niårskrigen (1689–1697) tente Coehoorn som brigader. I slaget ved Fleurus utmerkte han seg stort og han forsvarte Namur, ei festning han sjølv hadde bygd, då ho vart kringsett av franskmennene i 1692. Namur vart teken av Vauban, men Coehoorn fekk hemn tre år seinare i omleiringa av Namur i 1695, då Coehoorn tok attande Namur, trass i at Vauban hadde brukt mellomtida til å utbetre festninga. Coehoorn vart generalløytnant og generalinspektør for dei nederlandske festningane, og han fekk mykje heider. Han kommanderte eit korps i armeen til hertugen av Marlborough frå 1701 til 1703, og i dei mange omleiringane i Nederlanda i desse åra var den tekniske dugleiken hans høgt verdsett. Den raske raseringa av festninga av Bonn og omleiringa av Huy i 1703 vart store suksessar for han. I starten av det påfølgjande felttoget der han var på veg til Marlborough døydde han av apoplexi i Wijkel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Menno van Coehoorn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]